Hopp til innhold

Rosenborg putta to i det siste minuttet før pause – Stussleg, meinte publikum

(SOGNDAL - ROSENBORG 0-4) «Game, set, match. 0-4, Tarik Elyounouissi.» Kort og enkelt frå speakeren på Fosshaugane då landslagsspelaren fastsette sluttresultatet 15 minutt før slutt. – Stusslege greier, var domen frå publikum.

Rune Bolseth var veldig nærme scoring

BERRE NESTEN: So nærme var Rune Bolseth å pynta på resultatet mot slutten av kampen, men ballen ville ikkje i mål.

Foto: NRK

Det vart ein heilsvart dag for dei med hjarte for Sogndal. Rosenborg gav seg ikkje før det sto 0-4, til ellevill jubel for dei tilreisande frå Trondheim, som song takstfast heile kampen.

– Nei, kva skal ein seie? spurte ein skuffa Rune Bolseth retorisk etter kampen.

Dermed held Sogndal fram den dårlege statistikken mot trønderane. Sist gong dei slo Rosenborg var i 1998 (sjå oversikta nedst i saka).

I fjor tapte Sogndal 0–3 heime, i år vart det endå verre. No ligg Sogndal på nest siste plass i eliteserien med eitt poeng. Heilt nedst er fjorårsvinnar Molde, som har null poeng.

– Var det den komande seriemeisteren de tapte for i dag?

– Ja, det trur eg, seier Bolseth.

– Stusslege greier

Frank Venes og Arne Ahlin

HELDT HEILE KAMPEN: Frank Venes (t.v.) og Arne Ahlin vart verande til domaren bles for siste gong, men var ikkje veldig imponert over det dei fekk sjå av heimelaget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Då Elyounoussi sette inn 4-0, byrja publikum å forlata stadion, sjølv om det var att 15 minutt.

– Dette var stusslege greier. Det var ein kollektiv svikt i dag, ikkje scorar dei mål og ikkje forsvarar dei seg særleg godt, då går det slik, seier Arne Ahlin, ein av publikummarane som vart att på Fosshaugane til kampen var ferdig.

Han fekk støtte av Frank Venes, også han lite nøgd med det han fekk sjå.

– Dei hadde kalkulert med null poeng før kampen starta, og det bêr kampen også preg av. Det er ikkje meir å seia enn det, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Sogndalkaptein Per Egil Flo etter Sogndal-RBK.

Katastrofeminuttet som øydela

Etter 31 minutt slo RBK sin Jonas Svensson eit lågt innlegg frå høgrekanten, og på bakarste stolpe stod danske Tobias Mikkelsen og venta.

Den danske landslagsspelaren var iskald og trilla ballen i Erik Dahlins høgre hjørne, og trønderane såg seg aldri tilbake etter det.

Ane Foldøy, Severin Rokne og Sindre Tangedal

HELDT HUMØRET OPPE: ... sjølv om det vart sogndaltap. Ane Foldøy, Severin Rokne og Sindre Tangedal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter det rakna det for Sogndal, men det var det siste minuttet før pausen som skulle bli nådestøyten. To mål på eitt minutt, og publikum kunne knapt tru sine eigne auge, verken heime- eller bortefansen.

– Etter ein 1–0 var det einvegskøyring, sa publikummar Sindre Tangedal.

– Eg hadde tippa 1–3 før kampen, eg trudde eigentleg Sogndal ikkje skulle få til so mykje, sa Severin Rokne.

«Ein pissmatch»

Berre gode enkeltprestasjonar og litt flaks hindra at det ikkje stod både fem og seks null ti minutt ut i andre omgang.

Etter 75 minutt putta RBK eit til, og det siste vesle halmstrået av håp om at det kunne bli poeng, forsvann.

– Kampen er jamn den første halvtimen, men so gjer dei 1–0 og får ein veldig energi av det målet. Me vart veldig utaktiske dei siste fem minuttane før pause og der tapte me kampen, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Jonas Olsson etter Sogndal-RBK.

På 0-2-målet tapte keeper Erik Dahlin duellen med Nicki Bille Nielsen, og dansken headda ballen sikkert i mål.

– Det kjem ein høg ball, so bestemmer eg meg ganske seint for å gå ut på den, og då gjekk det slik, seier Dahlin.

– Det er «ein pissmatch», for å seia det enkelt.

(Artikkelen held fram under bilete)

Mikkel Diskerud mot Sogndal

KLASSEFORSKJELL: Mikkel Diskerud (i raudt) og resten av Rosenborg var fleire hakk over Sogndal søndag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Debut for Stamnestrø

Magnus Stamnestrø fekk sin debut i Sogndal-trøya i dag. Sjølv om han kunne gjera lite med kampbiletet då han kom inn på stillinga 3-0, var han veldig nær ved å scora i sine første minutt på Fosshaugane.

Magnus Stamnestrø

DEBUTKAMP: Magnus Stamnestrø (t.v.) fekk sin sogndaldebut søndag. Her med trenar Jonas Olsson.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Etter 73 minutt, to minutt etter han kom inn, vart ein corner klarert til 20-åringen. Frå om lag 16 meter skyt han ein knapp halvmeter utanfor den høgre stolpen til rosenborgkeeper Alexander Lund Hansen.

– Eg får ballen i returrommet, men det er ein elendig avslutning av meg som eg bør utnytte betre.

Stamnestrø, som er på utlån frå Molde, er nett tilbake frå skade, og sjølv om han merka at han framleis var litt rusten, so håpar han på meir speletid i kampane som kjem.

– Det veldig artig å få spele, men det var ikkje nokon perfekt kamp å få debuten i, RBK vart for sterke i dag. Men me kjem sterkare tilbake og eg gler meg veldig til å spele meir for Sogndal.

Neste kamp for Sogndal er borte mot Molde den 13. april.

RBK - Sogndal

Kamper mot Sogndal

Lerkendal

Fosshaugane

RBK-Sogndal

Sogndal-RBK

1982-2016

16-1-0 (49-13)

2-7-8 (20-45)

1982

2-1

3-3

1988

3-2

0-0

1989

3-2

1-4

1991

6-2

3-1

1992

5-1

1-3

1994

1-0

0-3

1997

5-0

0-7

1998

4-0

2-1

2001

3-1

1-6

2002

3-0

2-2

2003

3-1

1-1

2004

3-1

3-3

2011

2-1

1-1

2012

0-0

0-3

2013

2-0

0-4

2014

1-0

1-2

2016

3-1

1-1

Ekspander/minimer faktaboks

Slik er statistikken mellom Rosenborg og Sogndal.