Karl Kristian er fødd i 1984 og vaks opp på ein fjellgard i den vesle bygda Hellesylt på Sunnmøre.
Han har studerte fransk, kinesisk og medievitskap og i august 2010 byrja han som praktikant hjå NRK Nynorsk mediesenter. Sidan januar 2011 har han jobba i NRK P3, men er no attende i NRK Sogn og Fjordane i eit vikariat som programleiar.
Karl Kristian er glad i å reise og gjer det så ofte han kan. Han er også over gjennomsnittleg begeistra for potetgull, sunnmørsalpane og eldre damer som fortel om ”gamledagar”.
I journalistikken er Karl Kristian glad i å setje fokus på dei små og kvardagslege gledene i livet, for det er jo som han seier: ”Trass alt det livet i hovudsak består av”.
- E-post: karl.kristian.langeland@nrk.no
- Telefon: 476 20 167