Hopp til innhold

Kapteinen nøgd med å møte løvene

Lars Grorud er godt nøgd med dagens trekning av fjerde runde av NM-cupen i fotball.

Lars Grorud

Lars Grorud (t.v.) er nøgd med Løv-Ham som motstandar i fjerde runde av cupen.

Foto: Scanpix

Etter suksessen borte mot Molde onsdag, vart det i dag klart at Sogndal tek imot Løv-Ham på Fosshaugane i fjerde runde av cupen. Løvene slo fjorårets cupmeister Aalesund ut i førre runde.

- Det er ei god trekning for oss. Vi møtte Løv-Ham for berre ei vekes tid sidan og den gjekk vi sigrande ut av. Så vi må sjå positivt på det, seier sogndalkaptein Lars Grorud.

Ikkje eliteseriemotstand

Sjølv hadde han ikkje håpa på eliteseriemotstand i neste runde av cupen.

- Nei. Personleg, så hadde eg ikkje det. No er vi komne så pass langt. Mange tippeligalag er allereie ute og mitt fokus, og resten av laget sitt fokus, er å komme så langt som mogeleg. Ettersom vi har slått ut Molde borte, så viser vi at vi er kapable til å ta dei aller fleste. Så vi har klart ambisjonar, seier Grorud.

Ingen magnet

Kampen skal truleg spelast 7. juli. Arrangementssjef Geir Inge Heggestad vedgår at det ikkje er noko stor publikumsmagnet som kjem til Fosshaugane. Lag som Rosenborg eller Viking ville nok trekt langt fleire tilskodarar.

I fjor såg 3 600 Aalesund slå Sogndal ut av cupen i fjerde runde. Året før var det 2 600 på tribuna då Stabæk vann 3-1. Også det i fjerde runde.

- Publikumsmessig er ikkje dette noko suksesstrekning. Men eg trur vi skal klare 2 000 tilskodarar - om lag som ein vanleg seriekamp. Det viktigaste er likevel det sportslege. Kjem vi oss til ein kvartfinale, så hentar vi det inn att der, seier Heggestad og likevel seier seg nøgd med trekninga.

Administrasjonen i Sogndal er allereie byrja å selje kampen ut mot sponsorar. I slutten av neste veke blir billettane lagt ut for sal.

Godt tak på løvene

Kapteinen vil ikkje våge å spå repetisjon frå 1976 då Sogndal gjekk heile vegen til finalen, men alt skulle ligge til rette for avansement til kvartfinalen.

Med sju sigrar på dei ni siste møta i Sogndal, har kvittrøyene godt tak på løvene. Siste tap på heimebane kom i 2007. I motsetning til oppgjeret mot Molde, må Sogndal truleg finne seg i å ha favorittstempelet mot Løv-Ham.

- Men vi må vere på tå hev og gjere jobben. Det er ingen lett motstand. Vi skal ikkje lenger attende enn til i fjor på Varden at vi vart rundspelte, seier Grorud.

Fire kampar på ti dagar

Sogndal møtte Løv-Ham også i cupen i 2001. Då sytte Sindre Erstad, Mons Ivar Mjelde og Rune Bolseth for 3-1 siger på Varden Amfi.

Oppgjeret i juli kjem i ein periode der Sogndal får fire kampar på ti dagar.

- Det blir knalltøft. Då får vi testa breidden på stallen vår og gir oss ein peikepinn på kor god stallen vår er. Det blir viktig å bruke tida godt mellom kampane til å pleie både kropp og det mentale, seier Grorud.

Tidlegare møte Sogndal - Løv-Ham

Sesong

Konkurranse

Heime

Borte

Resultat

2010

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

2-0

2010

Treningskamp

Sogndal

Løv-Ham

2-0

2009

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

2-1

2009

1. divisjon

Løv-Ham

Sogndal

3-1

2009

Treningskamp

Sogndal

Løv-Ham

4-0

2008

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

4-0

2008

1. divisjon

Løv-Ham

Sogndal

0-1

2007

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

0-2

2007

1. divisjon

Løv-Ham

Sogndal

0-1

2007

Treningskamp

Sogndal

Løv-Ham

3-0

2006

1. divisjon

Løv-Ham

Sogndal

2-1

2006

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

1-3

2006

Treningskamp

Løv-Ham

Sogndal

2-0

2005

1. divisjon

Sogndal

Løv-Ham

4-0

2005

1. divisjon

Løv-Ham

Sogndal

1-0

2001

NM-cup

Løv-Ham

Sogndal

1-3

Ekspander/minimer faktaboks

Tidlegare møte mellom Sogndal og Løv-Ham.