Hopp til innhold

– Det er heilt skandaløst at Fjord1 set inn ei slik gammal lørje

På ferjesambandet Lote-Anda er det lange køar grunna ei reserveferje med låg kapasitet.

Lange køar på Lote ferjekai

LANGE KØAR: På Lote er det lange køar på grunn av reserveferja.

Foto: Richard Schumann

– Det er rimeleg kaotiske tilstandar her no, seier Richard Schumann.

Han står i kø på Lote, og seier at berre ein liten andel av bilane som ventar fekk kome med ferja han venta på.

– Det er tre felt med kø, og køen står i tillegg eit godt stykke bakover frå ferjekaia, seier Schumann. Han er oppgitt over den lange ventetida, og meiner dette er for dårleg planlegging av Fjord1. Etter mitt skjønn er det heilt skandaløst at Fjord1 set inn ei slik gammal lørje som ikkje har god nok kapasitet på strekninga, meiner Schumann.

Årsaka til køen er at «MF Sognefjord» er sete inn som reserveferje medan «MF Årdal» er på ein planlagt service. Reserveferja har om lag 40 personbilar i lågare kapasitet enn «MF Årdal».

Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier at situasjonen på ferjesambandet Lote-Anda ikkje er uvanleg.

– Det er heilt normalt at reserveferjene har noko lågare kapasitet enn hovudferjene på sambandet. Det er slik kontrakten er utforma, og då kan slike situasjonar oppstå.

Kristoffersen seier at dei som nyttar ferjetilbodet bør vere ute i god tid i ei veke framover.

– Ein bør nok rekne med å måtte stå over ei ferje. Eg vil råde folk til å planlegge å vere ute i god tid.

«MF Årdal» skal etter planen vere tilbake i drift tysdag 31. oktober.

Kø, Anda-Lote

KØAR: Måndag ettermiddag var det også lange køar på Anda.

Foto: NRK.no-tipser