NRK Meny
Normal

Reserveferje skapar kø på Anda-Lote

Hovudferja «MF Årdal» som vanlegvis går på ferjesambandet på Anda-Lote på E39 er på service denne veka. Reserveferja «MF Sognefjord» har lågare kapasitet og det førte til køar på sambandet.

Kø, Anda-Lote

Slik ser køen ut på ferjesambandet på Anda-sida.

Foto: NRK.no-tipser

Ein innringar sa til NRK at han forventa å måtte stå over minst ei, kanskje to-tre ferjer før han kjem seg over fjorden frå Anda-sida, like før klokka 17. Ein anna hadde fått beskjed om at det vart over ein time ventetid.

– «MF Årdal» er inne for å skifta motor. Dette er ein planlagt service og det vil vera reserveferje på strekninga i ei veke framover. Den har litt lågare kapasitet, seier Christine Hammersvik som er operativ leiar i Fjord 1.

«MF Sognefjord» er inne som reserveferje og har om lag 40 personbilar lågare kapasitet enn «MF Årdal».

Vegtrafikksentralen opplyser at dei ikkje har fått meldingar om køar på sambandet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.