Det har vore ein hektisk dag ved Skavøypoll skule i Vågsøy i dag. Fyrst gjekk det ut over julepynten i skulegarden.
Juletreet knekte
- Vi hadde eit stort juletre midt på skuleplassen som knekte tvers av, seier rektor Geir Nygård. I tillegg har søppelkonteinarar blåse vekk og skada to bilar.
Han risikerer ikkje å la folk gå ned på ein snuplass utanfor skulen, fordi takstein og skifer bles av taket. Nygård seier det er lengje sia han har sett vinden ta så godt.