Hopp til innhold

Kan vere kroken på døra for Florø friidrettsfestival

FLORØ (NRK): Festivalen er arrangert kvart år i 23 år, men no kan det vere over.

Florø Friidrett 10. juni 2017

FULL FART: Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø i full fart under friidrettsfestivalen i Florø.

Foto: Truls Kleiven

– Det krev veldig mykje. Eg er avhengig av å ha folk rundt meg, og eg veit ikkje om eg har det neste år på same måte, seier Rune Osa.

I dag møttest dei som spring fortast, hoppar høgast og kastar lengst i Florø til friidrettsfestival, kanskje for aller siste gong. Stemnesjef, og eldsjel bak arrangementet, Rune Osa, seier det er blitt utfordrande å arrangere friidrettsfestivalen.

– Florø er ein fotballby

Etter 23 år med årleg friidrettsfestival i Florø ser det ut til at det ikkje blir fleire. Rune Osa fortel at det er ulike utfordringar som gjer at ein kanskje ikkje har moglegheit til å arrangere det igjen. Mellom anna er dei i tøff konkurranse med andre arrangement.

– Eg skulle gjerne sagt at det blir neste år også. Funksjonærane stiller alltid opp, men det blir tyngre å få sponsorar og liknande, seier Osa.

Rune Osa

VEMODIG: Eldsjel for arrangementet, Rune Osa seier det er vemodig å kanskje ikkje skulle arrangere stemnet igjen.

Foto: Truls Kleiven

Friidrettstalentet Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø er redd Florø fotball utkonkurrerer friidretten i byen.

– Florø er ein fotballby og det må dei få vere, men det synd det er såpass lite interesse og oppmøte når vi har arrangert internasjonalt friidrettsstemne her kvar år. Vi kan berre levere gode resultat og håpe folk kjem, seier han.

I 1995 møtte over 2000 menneske opp på festivalen, men sidan har det gått nedover, og det var godt med plass mellom publikummarane på tribunen.

Tomme tribuner

TOMT: Ikkje mange møtte opp for å få med seg Florø friidrettsfestival. No kan det vere slutt

Foto: Truls Kleiven

– Fotballen har nok ein annan appell, men det er synd at ikkje folk får oppleve friidrettsfestivalen, seier Osa.

Strømmen Kjerpeset har vore på stemnene sidan han var barn og synest også det er synd at ikkje fleire tek turen.

Øystein Strømmen Kjerpeset
Foto: Truls Kleiven

– Det blir eit sakn å ikkje komme hit til Florø igjen, seier han.

Under det som kanskje var alle siste stemne i Florø tok Karsten Warholm ny noregsrekord på 400 meter, og slo sin eigen rekord med over eitt sekund. Heilt rått for oss å oppleve det, seier Osa.

– Det er ekstra vemodig at ein kanskje ikkje skal halde fram med stemnet når ein får slike resultat som vi fekk i dag med Karsten, seier Rune Osa.

Siktar seg inn mot NM

Sjølv om tribunane var langt frå fulle i Florø, var det stor spenning til Strømmen Kjerpeset som skulle springe heile tre løp under festivalen. Han vann 200-meteren med tida 21.48. Han kom inn som andremann på 100-meteren på 10.67 min.

– Det blir av og til for slitsamt. Det blei kaldt og masse vind, men eg gjorde mitt beste, seier Strømmen Kjerpeset.

Florø Friidrett 10. juni 2017

FULL FART: Øystein Strømmen Kjerpeset frå Florø i full fart under friidrettsfestivalen i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Målet for sesongen er å springe 100 meter på 10.30 og godt ned på 20-talet på 200-meteren. No siktar han seg inn mot NM.

– Det kan slå alle vegar, for eg har ikkje fått trent optimalt, men eg har ambisiøse mål, seier han.