Hopp til innhold

No satsar han mot OL: - Aldri vore i så bra form

Med ny personleg rekord på 400 meter innandørs laurdag, trur Øyvind Strømmen Kjerpeset at han er godt i rute til ein god hekkesesong utandørs.

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til 3.plass upå 400 meter i innandørs-NM.

I FORM: – Eg driv friidrett for å kome ein plass, og ein må vere offensiv, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset, som har OL i Rio som målsetting.

Foto: Anne Rognerud

– Eg er veldig fornøgd, eg persa med tre tidelar, og hadde til og med eit slitsamt forsøksheat i beina. Så dette er akkurat det eg håpa på, seier Kjerpeset like etter målgang i innandørs NM.

Under helgas konkurransar i Bærum er ikkje favorittøvinga 400 m hekk på programmet, men florøværingen stiller i 400 meter og 200 meter. Der har han til no fått han bryne seg på tøff konkurranse.

– Eg spring for å få best mogeleg utgangspunkt. Dei to eg sprang mot i dag er av dei tre beste 400-meterløparane Norge nokon sinne har hatt, og eg har kontakt med dei. Eg er veldig fornøgd viss eg får ei formstigning til utandørs, då kan dette bli dritbra på 400 meter hekk, seier Kjerpeset.

Også i Sogn og Fjordane friidrettskrins ser dei med glede på dagens resultat.

– Vi har venta på at han skal bryte 48-sekundsgrensa. Han har hatt mykje motgang siste sesongane, så det kan tyde på at ting er byrja å losne for han, seier krinsleiar Narve Heggheim.

Narve Heggheim under friidrettsstemne

HAR TRUA: Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrettskrins, trur alt lig gtil rette for at Kjerpeset kan nå OL.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Håpar å få OL-billetten på heimebane

Dei siste åra har han vore mykje plaga av skade, men no ser han lyst på den komande sesongen, sjølv om det blir tøft å nå målsettingane.

– Eg er i den beste forma eg har vore. Frå eg var liten, men spesielt siste åra, så har OL vore målet. Eg må perse med eit halvt sekund, men eg har aldri før vore så godt budd. Alt skal klaffe for å klare OL-kravet, men eg er veldig positiv og utgangspunktet er bra, seier Kjerpeset.

Etter å ha sett dagens løp er også Narve Heggheim klar på at florøværingen har sjanse på å få plass i OL-troppen.

– Om han får vere skadefri og trena det han ynskjer, så er det absolutt mogleg. Det er tøft, men han har kapasitet til å greie det, seier Heggheim.

OL-kravet er 49,30 på 400 meter hekk. Kjerpeset sin personlege rekord på distansen er 49,95, som han sette i Göteborg i 2013. Han har fleire sjansar til å nå OL-kravet, og legg opp til formtopp rundt Bislett Games og Florø friidrettsfestival i juni.

– Mine aller beste løp skal vere i Oslo og Florø. Løpet i Florø er viktig for meg. Det er ei god 400 meter bane, heilt ny stadion. Eg har lagt inn at eg skal vere godt budd der, og har tenkt å springe fort.

Øyvind Strømmen Kjerpeset etter målgang 400 meter.

3.-PLASS: Skal florøværingen klare å kome seg til OL må han springe endå raskare enn han har klart til no. Kravet er 49.30, hans beste tid er 49,95.

Foto: Anne Rognerud