Hopp til innhold

Semb ringte Aabrekk om Mats

Den solide høgrebacken til Sogndal, Mats Solheim frå Loen, kan vera aktuell for A-landslaget i vinter.

Mats Solheim

TØFF SPELAR: Loaren Mats Solheim kan vera aktuell for A-landslaget i privatkampane no i vinter.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han har i mange kampar imponert for Sogndal, noko landslagsleiinga tydelegvis og har merka seg. Til avisa Firda opplyser Sogndal-trenar Harald Aabrekk at landslagsleiinga har vore interessert i å få vite meir om Solheim.

– Eg har blitt kontakta av Nils Johan Semb. Dei ville høyre meir om Mats Solheim, seier Aabrekk til avisa.

Han tykkjer det er positivt at fleire Sogndalspelarar no har hamna i søkjelyset i landslagssamanheng. Også Ole Jørgen Halvorsen kan vera aktuell.

– Det ser eg på som berre positivt. Dei har utvikla seg bra denne sesongen, seier Aabrekk.

Som kjend var Even Hovland med i A-landslagstroppen som møtte Kypros nyleg. Interessa rundt han er høg, og søndag var representantar for den engelske klubben

Crystal Palace på Fosshaugane Campus. Også FC København er på jakt etter den unge forsvarskjempen.