Hopp til innhold

Kan ta veker å få undersøkt bilen i Jølstravatnet

Det kan gå lang tid før politiet får slått fast om den sakna mannen er i bilvraket som truleg er funne på botnen av Jølstravatnet.

Leitemannskap har gjort funn med sonar i Jølstravatnet

RASET: Ein mann i 50-åra er framleis sakna etter at ein bil vart tatt av dette raset ved Årnes på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Bård Siem / NRK

– I verste fall kan det gå veker før sikta i vatnet blir god nok, seier lensmann Dag Fiske i Sunnfjord til Bergens Tidende.

Må vente

Overfor NRK stadfester Fiske at det dei nærmaste dagane ikkje blir gjort nye søk frå politiet si side.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord

Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske

Foto: Ahmad Dean / NRK

– På grunn av siktforholda vil det ikkje vere mogleg å få gjort nye søk dei nærmaste dagane, seier lensmannen.

Torsdag vart det kjent at politiet ved hjelp av sonar har gjort funn av det dei trur er ein bil på 170 meters djupne i Jølstravatnet. Politiet trur dette kan vere bilen til mannen i 50-åra som har vore sakna sidan ekstremvêret råka Jølster førre tysdag. Bilen mannen køyrde skal ha blitt tatt av eit ras på fylkesveg 451 langs sørsida av vatnet.

Kan ligge under rasmassar

Sonar, eller magnet-utslaget, vart gjort 660 meter frå land. Grunna dei mange rasa og flaumane langs vatnet er sikta enno minimal når ein kjem djupare enn 50 meter, og politiet veit ikkje om bilen er dekka over av massar, og kor vidt den sakna framleis er i bilen.

– Mest truleg ligg nok bilen noko nedgraven i raset, men sonarbileta er ikkje gode nok til å avgjere det, sa Fiske til NRK torsdag.

– Vi har ikkje noko garanti for at vedkommande er i bilen, presiserer Fiske på nytt fredag.

Ifølgje lensmannen vil det frå politiet si side ikkje bli gjort nye overflatesøk.

– Men Jølster kommune og frivillige jobbar med rydding av vatnet for drivved og andre gjenstandar. Alle desse er sjølvsagt fult klar over situasjonen og har auga opne, parallelt med at dei driv med opprydding.