Hopp til innhold

Kan site att med tre storkommunar

Om Fylkeskommunen blir nedlagt kan Sogn og Fjordane bli sitjande att med tre store regionkommunar. Det seier ein av Norges fremste forskarar innan samfunnsplanlegging.

Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda

BERRE TRE: Jørgen Amdam meiner Sogn og Fjordane i verste fall kan ende opp med tre storkommunar dersom fylkeskommunen blir lagt ned.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Både Høgre, Venstre og Framstegspartiet ønskjer å leggje ned fylkeskommunane.

Skulle det skje kan det bety store endringar for kommunekartet, meiner Jørgen Amdam. Han er ein av dei fremste og mest erfarne forskarane innan samfunnsplanlegging og regional inndeling.

Med tre store kommunar ser han for seg følgjande kommunesenter.

– I Sogn og Fjordane vil det vere Førde, og det vil alltid vere ein diskusjon i høve Florø. Det kunne vere Sogndal, og det vil truleg vere Eid lenger nord.

– Men det kan også bli ei meir radikal samanslåing, med Søre Sunnmøre. Då kan det vere Eid, eller Ørsta/Volda som peikar seg ut, seier forskaren som også er lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Volda.

– Eit skremmebilete

Spørsmålet om kor mange kommunar det skal vere i landet i framtida har vore eit heitt spørsmål gjennom valkampen. Både Høgre, Venstre og Framstegspartiet ønskjer ein omfattande forvaltningsreform.

Ei slik reform vil mellom anna innebere at fylkeskommunen skal leggjast ned. Ved nedlegging av fylkeskommunen vil ein stå føre store endringar i Kommune-Noreg, meiner Amdam.

Frank Willy Djuvik

SKREMMEBILETE: Meiner Frank Willy Djuvik (Frp) om forskaren sitt utspel.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Framstegspartiet sin førstekandidat på stortingsvallista i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, har på si side ingen tru på at endringane blir så omfattande som det Amdam skisserer.

– Det viktigaste vi gjer er å flytte meir makt ned til kommunane. Det er det viktigaste for oss.

– Vi skal flytte makt frå fylkeskommune og frå stat til kommunane, og då må dei vere noko større enn i dag.

– Men dette er eit skremmebilete, som kanskje professoren sjølv meiner er fornuftig. Men eg synst ikkje det høyrest veldig fornuftig ut, seier Djuvik.

– Men det er vel ikkje tvil om at ei nedlegging av fylkeskommunane vil bli langt færre og større kommunar?

– Ja, og det er eit mål i seg sjølv for vår del å få til. Men det handlar ikkje om grenser, seier Djuvik.

Vil ikkje diskutere tal

Bjørn Lødemel

DISKUTERER IKKJE TAL: Det er den klare beskjeden frå Høgre sin Bjørn Lødemel.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Høgre sin førstekandidat, Bjørn Lødemel, ønskjer på si side ikkje å seie noko om kor mange kommunar vi bør ha i fylket.

– Det vi ser for oss at kommunane kan gjere går på til dømes arealutnytting, det går på næringsutvikling, det går på vidaregåande skular og kultur. Vi ønskjer å diskutere kva oppgåver kommunane skal ha, framfor å teikne kart. Og iallfall før vi byrjar teikne ut dei nye kommunesentera, seier Lødemel.

– Er det ei ønskjeleg utvikling med tre kommunar i Sogn og Fjordane?

– Eg har sagt at eg ikkje ønskjer seie noko om tal, og det meiner eg. Om vi byrjar diskutere tal, regionsenter, tvang eller ikkje tvang, så strandar heile diskusjonen.

– Men din eigen heimkommune, Hornindal, vil vel bli slukt i det store sluket i dette?

– Eg vil ikkje bruke slike ord i det heile. Eg tenkjer Hornindal vil bidra til ein diskusjon om kva som er best for kommunen i framtida, og den diskusjonen skal også innbyggjarane vere med på.

Har ikkje sans for store regionkommunar

Senterpartiet sin andrekandidat på stortingsvallista, Jenny Følling, har ingen sans for at store regionkommunar skal erstatte fylkeskommunen.

– Det kan vel ikkje vere betre å vere styrt frå Bergen enn å ha ein eigen fylkeskommune tenkjer eg. Eg tenkjer også at vi har store avstandar i Sogn og Fjordane, og då blir det veldig langt mellom kvart kommunesenter.

– Siste store kommunerevisjon var i 1965, og fleire av kommunane i Sogn og Fjordane er svært små, er det ikkje på tide med ei samanslåing?

– Vi er ikkje imot samanslåing av kommunar, men vi vil at kommunane skal finne ut av dette sjølve.