Hopp til innhold

Skal du ha siste leilegheita her, må du ut med nesten seks millionar kroner

34 av 35 leilegheiter på Sjøkanten i Sogndal er selde. No er det berre toppleilegheita att – for 5,95 millionar kroner kan du få 132 kvadratmeter å boltre deg på.

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

I TOPPEN: Leilegheita heilt på toppen av Sjøkanten er den einaste leilegheita att som er til sals i komplekset.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

– Dei andre leilegheitene gjekk fort. Det har vore fleire som har vore interesserte, men ingen bod til no. Folk seier dei ikkje vil betale så mykje, seier meklar Jan Rune Årøy til BT.

Så vidt avisa i Bergen kjenner til, har det aldri vore selt ein bustad i Sogn og Fjordane til over seks millionar kroner.

Selde 20 husvære i løpet av éin time

Bustadkomplekset Sjøkanten ligg ved innfarten til Sogndal når ein kjem på riksveg 55 frå Leikanger. Blokka er bygd på tomta som tidlegare husa det gamle slakteriet, og ein er i gangavstand til det meste i Sogndal sentrum.

Leilegheitene i komplekset har selt godt, og då det vart halde salsmøte for det planlagde anlegget hausten 2011, vart det selt 22 husvære til ein totalverdi av 65 millioner kroner, berre på éin kveld. 20 av dei vart selde i løpet av éin time.

Folk stod i kø

Men viss du tykkjer prisen på den siste leilegheita er i stivaste laget, så er det verdt å merke seg at det er selt ei leilegheit for omtrent same prisen.

Ifølgje BT selde dagleg leiar Per Rygg i Ulvahaugen terrasse si eiga leilegheit i komplekset privat i mai, og fekk 5,995 millionar kroner. Men den leilegheita var 14 kvadratmeter større.

Trass i den høge prisen, var det nok av folk som ville by.

– Det var mange som spurde då dei høyrde at eg skulle selje. Folk stod i kø. Vi har ikkje så langt unna Bergens-prisar no, og det er ikkje overraskande. Så lenge Sogndal er i utvikling, er det stort press. Folk som ønskjer å bu i sentrum, er villige til å betale, seier Rygg.

Prisane skuldast ikkje nyrike

Rygg seier til avisa at sjølv om nokon har pengar, manglar Sogndal dei nyrike. Dei som kjøper, eller er aktuelle for leilegheita, er i hovudsak allereie busette i området, og er i liten grad tilflyttarar.

– Vi har veldig mange offentleg tilsette. Det er dei som har noko å selje, som har pengane. Vi snakkar om dei som kvittar seg med einebustadar, gjerne vaksne frå 55–60 år og oppover, seier Rygg.

Den trenden stadfestar også eigedomsmeklar Årøy.

– Folk vil ha det enkelt, seier Årøy.