I dag var ein potensiell kunde på besøk i Florø, men skipsverftet har ingen moglegheit til å konkurrere med polske verft når det gjeld pris
Ein kjemikalietankar bygd ved skipsverftet Kleven i Florø kostar mellom 50 og 100 millionar kroner meir enn i Polen. Reiarlaget Odfjell i Bergen tinga i går to nye skip frå eit verft i Polen. Prisen per kjemikalietankar var 404 millionar kroner. I Florø ville prisen per båt ha vore kring 500 millionar kroner, seier Kleven-direktør Gustav Johan Nydal.