Hopp til innhold

Kan ikkje hugse å ha vore borte i liknande bussulykke

Havariinspektør Tor Østberg i Statens Havarikommisjon for transport, kan ikkje hugse å ha vore borte i ei så alvorleg bussulykke i Norge.

Ulykkesbussen og Østberg

STORE SKADAR: Havariinspektør Tor Østberg kan ikkje hugse å ha vore borti ei så alvorleg bussulykke med slike skadar.

Foto: Christian Blom/Anders Veberg / NRK/Montasje

– Ulykker der to bussar har kollidert, og med så alvorleg skadeomfang, kan eg ikkje hugse at eg har vore borte i tidlegare i Norge, seier Østberg.

Han legg ikkje skjul på at dei skadde køyretøya gjorde eit sterkt inntrykk.

– Det er ei veldig alvorleg ulykke så lenge det er menneske som har omkomme. Slikt gjer inntrykk, seier Østberg, som førebels berre har fått sett kort på køyretøya.

Men mange hugsar nok ulykka i Måbødalen i 1988, ei ulykke som lenge vart rekna som ei av dei verste i norsk tid. Her omkom 12 born og fire vaksne frå Sverige då bremsene på bussen deira svikta i nedoverbakke.

Også i Sogn og Fjordane har det vore alvorlege bussulykker før. I 1978 omkom sju amerikanske turistar, og sju vart hardt skadde då bygningsplater losna frå lasteplanet på ein Firda Billag-trailer og råka passasjerane i ein passerande turistbuss.

For tidleg å seie noko om årsak

– Dei har vesentlege skadar på venstre side i fronten. Vi vil gjere litt meir tekniske undersøkingar både innvendig og utvendig, seier Østberg.

Han kan førebels ikkje seie noko om kva som kan ha vore årsaka til ulykka.

– Det er det altfor tidleg å seie noko om, seier Østberg.

Statens Havarikommisjon kom til Sogndal tysdag etter å ha vurdert bussulykka til å vere så alvorleg at det var grunnlag for å gjere ei forundersøking for å kartleggje årsaksforhold og samanhengar etter ulykka.

Skal sjekke begge bussane

Statens Havarikommisjon for transport gjer førebelse forundersøkingar, for å vurdere om ein skal ta ein full gjennomgang av dødsulykka som skjedde på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal måndag ettermiddag.

To kvinner omkom då ein norsk rutebuss og ein svensk turbuss med taiwanske turistar kolliderte i ei 60-sone.

– Vi skal gjere undersøkingar på begge bussane, ha ein tur på ulykkesstaden, og vi skal snakke med personar som kan fortelje oss litt om hendingsgangen, seier Østberg.

Når denne jobben er gjort, vil Havarikommisjonen gå igjennom all informasjonen dei har samla.

– Når vi har gjort ferdig undersøkingane, så tek vi med oss all informasjon tilbake til Havarikommisjonen. Der vil vi vurdere alle opplysningar i saka, og så tek vi ei vurdering på om det vert undersøking i saka, seier Østberg.

Snur alle steinar

Dersom SHT vurderer ulykka til at ho skal granskast nærare, vil impliserte partar bli underretta skriftleg.

– Det kjem an på kva sikkerheitsmessige aspekt vi ser i saka her, som kan betrast. Det kjem heilt an på kva vi finn i forundersøkinga, seier Østberg.

Både tekniske og trafikantmessige ting vert undersøkt.

– Vi ser også på årsaker som kan liggje bak, men det er for tidleg å seie noko om kva som skjer, seier Østberg.

Havarikommisjonen vil også granske køyre- og kviletid for sjåførane.

– Det går fort ei veke eller to før vi kjem fram til ei avgjerd om det vert gjort ei gransking i saka, seier Østberg.