Hopp til innhold

Kan han bli den neste Kygo?

Glopparen Sjur Kristian Gimmestad har slått seg opp på å lage sine eigne versjonar av kjende låtar, no seinast ei låt av songaren Justin Timberlake.

Sjur Kristian Gimmestad

DJ SJUR: Sjur Kristian Gimmestad er nemnd Billboard som ein av ni remiksar av låta «Can't stop The feeling» som du bør lytte på

Foto: Marcus Valeur

Det heile toppa seg då sjølvaste Kygo spelte versjonen til Gimmestad.

– På sundag vakna eg opp til ei melding om at Kygo hadde spelt den, og for meg er det ein stor milepæl i artistkarriera. Det er ei stadfesting når ein artist som han likar musikken eg lagar.

Med pappa som førebilete

DJ Sjur som han kallar seg kjem frå Sandane i Gloppen, jobbar til dagen som IT-konsulent i Bergen, men får meir og meir merksemd kring sine remiksar av allereie utgitte låtar.

– Det starta vel med at far min tidlegare har vore dj, og det vekte mi interesse, og så har det berre utvikla seg.

No har han spelt i åtte år og for to år sidan byrja han også å produsere sjølv.

– Eg fekk ganske god respons, noko som gav meirsmak på å lage remiksar av kjende artistar som eg bruke i mine eigne sett, når eg spelte ute.

Sjur Kristian Gimmestad

PALMESUS: Dj-Sjur skal spele for 30 000 under Palmesusfestivalen i Kristiansand.

Foto: Marcus Valeur

Nemnd av Billboard

I 2015 vart han årets norske up-and-coming elektroniske artist på NRJ Music Awards i Oslo. Remiksen hans av den nye låten til Justin Timberlake «Can't stop The feeling» har nær 200 000 avspelingar på Youtube, og er nemnd av Billboard som ein av ni remiksar av låten som du bør lytte på. Sjølv meiner han at han kan takke Kygo for at Billboard har lagt merke til han.

– Eg ser at låten har fått mykje merksemd etter at han spelte den, og den store bloggen Billboard.com skreiv om låten på onsdag. Eg merkar interessa har auka ganske kraftig på sosiale media etter at Kygo spelte låten.

– Og Billboard.com dei tilrår din versjon?

– Det og var veldig stort, og det trur eg har samanheng med at Kygo spelte den, og dei sikkert har plukka den opp i settet hans.

Eigne låtar

Så langt har han stort set laga remiksar av andre sine songar, men målet er å lage eigne låtar.

– Eg er i dialog med fleire plateselskap om vokalistar og låtskrivarar til å jobbe med, og lage eigne låtar.

– Korleis går du fram for finne låtar som du kan remikse?

– Først og fremst ser eg etter ei låt som er populær. Ofte kan du finne vokalen til låten på nett, den har gjerne ikkje så mykje tempo som eg gjerne skulle hatt, når eg spelar den i mine dj-sett.

– Du spelar etter kvart for eit ganske stort publikum, korleis er det?

– Det er ganske spesielt. Til dømes no til sommaren, når eg spelar på Palmesusfestivalen i Kristiansand, så er det selt 30 000 billettar. Når du står på ei slik scene så er det frysningar frå start til mål, seier Gimmestad.