Politiet vil ikkje gå ut med nokon opplysningar om kva dei har funne på åstaden. Ifølgje avisa skal etterforskarane vere i gang med å samle DNA frå personar som dei veit har vore nær den drepne.
Avisa skriv at politiet skal ha funne store mengder med DNA-spor der drapet skjedde og på kroppen til den drepne.
Politipatrulje henta spytt
Ein patrulje frå Hordaland politidistrikt måtte i går kveld køyre til Bergen lufthavn for å sikre seg spytt frå ein politimann som har vore med i etterforskinga, skriv avisa. Målet skal ha vore å finne ut om det var han som hadde etterlete seg DNA-sporet som var funne på åstaden.
Politiet har fleire gonger bedne personar som har kasta ifrå seg søppel på åstaden melde seg. Lensmann Kjell Fonn sa på ein pressekonferanse søndag at dei rekna med å ha svaret på prøvene tidlegast tysdag kveld.