Hopp til innhold

Kan gå frå fem til eitt lag i 3.divisjon

Sogn og Fjordane har denne sesongen fem lag i 3. divisjon i fotball for menn. Berre eitt av dei ligg akkurat no an til å kalle seg 3. divisjonslag neste år.

Stryn-Fjøra

MÅLET ER 3. DIVISJON 2017: Frå kampen Stryn-Fjøra i haust. Stryn vann 2–1. Her set Erling Tenden Myklebust (nummer 23) inn 1–0. Men det er likevel Fjøra som ligg best an.

Foto: Stig Høynes

For neste år blir talet på 3. divisjonslag kraftig redusert. I år er det 12 avdelingar med til saman 164 lag, i 2017 skal det vere seks avdelingar med til saman 84 lag. Av desse er 28 som rykker ned frå 2. divisjon.

Med andre ord: Det er eit trongt nålauge. Årdal FK i avdeling 3 og Fjøra, Stryn, Sogndal 2 og Florø 2 i avdeling 8 kjempar alle ein hard kamp om å bli mellom dei fem beste laga i sine avdelingar.

Berre dei fire beste laga i kvar avdeling er sikre på å få spele i neste års 3. divisjon. I tillegg blir dei åtte laga med flest poeng av dei som blir nummer fem i dei ti sørnorske avdelingane kvalifiserte.

Håvard Hatle

LIGG BEST AN: Fjøra-trenar Håvard Hatle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Tenkjer mest på å byggje klubb

Akkurat no, når det står att åtte serieomgangar, er Fjøra det einaste av dei fem laga som har hovudet så vidt over vatnet med sin femteplass i avdeling 8. Trenar Håvard Hatle meiner sjansane til å vere der når sesongen er slutt er bra, men at det ikkje er hovudmålet til Fjøra.

– Vi tenkjer mest på å byggje klubb med mange lokale spelarar og eit godt treningsmiljø, så kjem resultata etter kvart. Det hadde vore heilt fantastisk om vi hadde greidd å kome på topp fem, men det er slett ingen tragedie om vi ikkje greier det.

Mellom dei åtte laga Fjøra har att å spele mot er topplaga Herd og Træff, men Hatle ser ikkje det som noko problem.

– Det er det som er kjekt. Det er det å spele viktige kampar vi trenar for, så det trur eg gutane gler seg til. Og om vi ikkje greier å bli blant dei fem beste så får vi berre det vi fortener, seier Hatle.

Eirik Bakke

– UTVIKLINGSARENA: Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Utviklingsarena for unge spelarar

Han står på Fosshaugane Campus saman med Sogndal-trenar Eirik Bakke. Sogndal 2 ligg akkurat no på tiandeplass i 3. divisjon, og Bakke reknar med at det blir vanskeleg å kvalifisere seg for neste års 3. divisjon.

– Det ser vanskeleg ut. 3. divisjonslaget vårt er ein utviklingsarena for 15- og 16-åringar. Vi brukar ikkje så mange A-lagsspelarar der. Det er viktig at dei yngste får spele, så får det stå sin prøve at vi ikkje kvalifiserer oss for 3. divisjon i 2017.

Han seier det ikkje er aktuelt å fylle opp andrelaget med spelarar frå A-stallen i dei åtte kampane som står att for å klatre opp til fjerde- eller femteplass.

– Dei som spelar i Tippeligaen har eigentleg ikkje noko i 3. divisjon å gjere. Av og til må nokre av dei spele på Sogndal 2 for å få kamptrening, men kampprogrammet gjer det uansett vanskeleg å bruke særleg mange frå A-stallen.

Johann Sigurdsson

GOD HAUSTSESONG: Stryn-trenar Johann Sigurdsson har tru på laget sitt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Veldig gira på å klare det

Stryn er på plassen før Sogndal 2 på tabellen, men med sine 28 poeng er dei ikkje så langt unna femteplassen, og trenar Johann Sigurdsson seier at dei set alt inn på å vere der når sesongen er slutt 22. oktober.

– Vi har tenkt å ta så mange poeng vi kan i haust, så får det vise seg når sesongen er slutt kva vi fortener. Men det er klart det er viktig å greie å kvalifisere seg for neste års 3. divisjon, for det er viktig å ha ein best mogeleg kamparena for spelarane våre. Og dei er veldig gira på å klare det.

Stryn har hatt ein god haust. Laget har ikkje tapt sidan Aalesund 2 vann 1–0 på Stryn stadion 29. juni.

– Vi underpresterte i vår. No har vi fått fleire spelarar i betre form. Ulempa er at mange av spelarane studerer andre stader, i tillegg arbeider Mads Wie på Sandane og målvakt Fredrik Hansen i Førde. Det gjer at vi har utfordringar i treningskvardagen, men på den andre sida er vi vande med det.

Terje Rognsø

INNRETTAR SEG PÅ 4. DIVISJON: Florø-trenar Terje Rognsø.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ikkje målsettinga

Florø-trenar Terje Rognsø konstaterer at med 12. plass og berre 20 poeng har Florø 2 små sjansar til å kvalifisere seg til 3. divisjon neste år.

– Men det har heller ikkje vore målsettinga vår. Før sesongen vurderte vi det. Vi fann ut at reisebelastninga i år er meir enn stor nok, med ny 3. divisjon vil det bli endå verre. For oss skal andrelaget vere ein utviklingsarena for dei yngste spelarane.

Rognsø håpar at Fjøra, Stryn og Årdal kan greie målet om 3. divisjonsspel i 2017.

Ivan Øy

HAR GOD TRU: Trenar Ivan Øy trur Årdal FK greier målet sitt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I ein god stim for tida

I avdeling 3 med 13 lag frå Austlandet ligg Årdal FK akkurat no på ein åttandeplass med 32 poeng. Men avstanden opp til femteplass er berre to poeng, og Årdal har hatt ein imponerande haust så langt. Laget har ikkje tapt ein kamp sidan 8. juni. Etter det har det blitt sju sigrar og ein uavgjort.

Trenar Ivan Øy trur difor på eit liv i 3. divisjon også i 2017.

– Vi er i ein god stim for tida, og om vi greier å halde oppe fokuset og nivået slik vi har prestert i det siste trur eg sjansane er veldig gode. Vi ligg med våre 32 poeng godt an sjølv om vi skulle bli nummer fem. Eg trur vi må opp mot 50 poeng til slutt.

Årdak FK

IMPONERANDE HAUST: Årdal FK i godt driv. Veteranen Preben Strypet med ballen, t.v. Fredrik Sørli, t.h. kaptein Brede Stedje Ylvisåker.

Foto: Årdal FK

– Kor viktig er det å vere med i 3. divisjon neste år?

– Det er veldig viktig, for på den måten kan vi halde oppe eit bra nivå i klubben. Med tanke på dei gode, unge spelarane som er på veg opp, er det viktig.

Årdal er det einaste laget frå Vestlandet i avdelinga si, og Øy er godt nøgd med å møte nye lag.

– Det er kjekt å spele mot andre typar lag, spelestilen er litt annleis enn det vi er vande med. Og ikkje minst er det kortare reiser enn det vi har hatt dei siste åra.

Førde einaste sikre laget

Akkurat no ser det ut til at berre eitt lag frå Sogn og Fjordane kan kjenne seg trygg på å bli med i neste års 3. divisjon. Det er Førde, som har sisteplassen i si 2. divisjonsavdeling.

Sjølv om Førde skulle greie å vinne alle dei tre siste kampane er sjansane for å bli blant dei sju beste tilnærma mikroskopiske. Akkurat no er Fana nummer sju med 28 poeng. Førde har ti poeng og kan maksimalt få 31.