Hopp til innhold

Kan få to Spellemannprisar

Thea Hjelmeland frå Førde har fått mykje skryt for musikken sin dette året, og no er ho også nominert til to Spellemannprisar.

Karl Seglem og Thea Hjelmeland er begge nominerte til Spellemannprisar.

NOMINERTE: Karl Seglem og Thea Hjelmeland kan stikke av med tre prisar under Spellemannutdelinga i januar.

Foto: Thea & The Wild

Hjelmeland, som tidlegare i 2014 gav ut albumet "Solar Plexus", kan bli tildelt Spellemannprisen både i klassa for "Indie" og som beste tekstforfattar.

I kampen om tittelen som beste tekstforfattar konkurrerer Hjelmeland saman med Highasakite, Marit Larsen, Siri Nilsen og Sondre Lerche. I kategorien "Indie", er Bendik, Dark Times, Thea & The Wild med i kampen.

Også saksofonisten Karl Seglem kan stikke av med ein pris, i kategorien "jazz". Han

Thea Hjelmeland

TO PRISAR: Thea Hjelmeland sitt album 'Solar plexus' har blitt lagt merke til i musikkbransjen, no kan ho krone 2014 med to Spellemannprisar.

Foto: Vegard Fimland

kjempar om prisen saman med "In The Country, Solveig Slettahjell, Bugge Wesseltoft, Knut Reiersrud", Jan Gunnar Hoff, Marius Neset/Trondheim JazzOrchestra og Ola Kvernberg.

Arve Henriksen frå Stryn er også nominert i "Open klasse". Martin Tungevaag frå Stad kan også få prisen for beste låt, saman med Emilia for songen "Samsara 2015".

Thea Hjelmeland fekk nyleg Luttprisen for 2014, ei utmerking som går til den beste artisten frå Sogn og Fjordane. Karl Seglem har tidlegare motteke prisen. Hjelmeland gav ut sitt andre album i haust, og superlativa har hagla frå musikkmeldarane. Denne hausten har Hjelmeland turnert i store deler av landet og også i Europa og på Cuba.