Hopp til innhold

- Dyret har gått målbevisst, utan sikksakk

Dyret som lagde dette avtrykket i snøen gjekk målretta, rett fram, i meir enn tre kilometer.

Ulvespor?

ULVEPOTE?: Kan dette vere ein ulvefot i snøen? Sporet skal vere om lag 6 centimeter breitt.

Foto: Vidar Myrhol

– Vi kom til hytta vår som ligg i Erdalen i Førde, då vi berre gjekk på spora, fortel Vidar Myrhol frå Jølster.

Det var måndag at han og borna skulle vere nokre dagar på hytta i vinterferien, at dei oppdaga spora som dei mistenkjer kan vere av ulv. Tysdag kan det ha blitt gjort observasjon av ulv i Jølster og det er tidlegare gjort fleire observasjonar som kan vere ulv. Like før jul vart ein ulv felt i Naustdal.

Erdalsstøylane

Rette spor

– Det spesielle med spora er at dei er så målbevisste. Dei går rett fram. Det er ikkje sånn at spora går i sikksakk oppover. Det var heller ikkje spor av sko ved sidan av som kan tyde på at det var ein hund, seier Myrhol.

Far til Myrhol fann ut at han ville følgje spora for å sjå kvar dei enda. Men etter om lag tre kilometer – ved Vasslivatnet gav han seg.

– Eg tok bilete av spora mest til glede for meg sjølv. Eg skulle hatt noko som kunne samanlikna størrelsen. Men eg vil tippe at dei er om lag 6 cm breie.

For Myrhol er det ikkje skremmande om det skulle vere ein ulv som har vore på ferde utanfor hytta.

– Eg tykkjer det er spennande med ulv. Overfor ungane framstiller det som at det ikkje er så skummelt eller farleg. Vi har jo ikkje sett nokon ulv. Men ungane har fått noko å snakke om, ler Myrhol.

Ber om fleire tips

Statens naturoppsyn (SNO) har ikkje fått varsel om spora i Erdalen. Men Finn Olav Myhren i SNO ber folk melde frå om observasjonar som er gjort.

– Det er viktig at folk melder frå om observasjonar eller spor. Viss ein tar bilete av spor så ta bilete rett ovanfrå sporet og ha noko ved sidan av som har kjent storleik, som ei fyrstikkøskje.

Han har sidan jul fått inn rundt 15 observasjonar om ulv utan å kunne stadfeste nokon av dei.

– Er her ein ulv vil vi til slutt finne den. Difor er det viktig å melde tilbake om ein finn spor eller kadaver i naturen som kan vitne om at det er ulv, seier Myhren.