Hopp til innhold

Kan bli gamaldansmeister

Arne og Asbjørg Sølvberg er blant favorittane til å bli gammaldansmeistrar under Landsfestivalen på Løten.

Arne M. Sølverg og Asbjørg Sølvberg.

KNIVAR: Ekteparet Asbjørg og Arne Sølvberg kjempar om tittelen i pardans under Landsfestivalen på Løten.

Foto: Knut Åstad Bråten

Finalistane i klassen for pardans er klare etter fredagens innleiande runder.

Blant dei seks finalistpara er Arne og Asbjørg Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom. I tillegg har fylket med to finalistar på instrument.

– Samtlege finalistar dansar finaledans laurdag kveld. Fordelinga av medaljane blir offentleggjort under meisterskonserten på søndag, opplyser arrangørane i ei pressemelding.

– Kraft og styrke

Landsfestivalen i gammaldansmusikk har vore arrangert sidan 1986, og det er i år 14 medlemslag i Hedmark Folkemusikklag som saman arrangerer den første festivalen i Hedmark.

Johan Einar Bjerkem er både dansar og festivalleiar for neste års landsfestival i Steinkjer. Han er positiv til årets finalister i pardansklassen.

– Samtlege finalistar dansa med god kraft og styrke. Eg trur det var dette som var utslaggjevande for at nettpo desse dansarane gjekk vidare, seier han.

Fire par frå fylket

Sjølv om dansekvaliteten er høg på årets finalistar, er Bjerkrem uroa for den låge rekrutteringa til gamaldansen.

Av 37 konkurrerande par, var fire frå Sogn og Fjordane.

– Det er diverre for få som har fått med seg kor artig og variert gamaldansen er. Det er ein fare for Noreg som kulturnasjon om dansen forsvinn ut kroppane - og miljøet, seier Bjerkrem.

Frøholm til finalen

I tillegg blir det mellom anna konkurrert i gruppespel, lagspel, samspel og i solo durspel, fele/hardingfele og andre instrument.

Torsdag kvalifiserte Britt Pernille Frøholm (Hornindal Spelemannslag) seg for finalen i klassa fele/hardingfele. Same dag tok også Arve Bjørn Røneid seg til finalen i klassa solo durspel.

Diverre heldt det ikkje heilt inn for Norill Terese Norheim (Jostedal Spel- og Dansarlag) i same klasse. Det same gjeld også Naustedalen Spelemannslag etter fredagens konkurranse i lagspel.