Torsdag kveld får du sjå korleis den intense kampen mot flammane var den natta, og høyre forteljingane frå dei som opplevde det på kroppen.
Mot kraftig vind og eit flammehav som truga med å sluke heile Lærdal sentrum kjempa bygdefolk og brannkorps med livet som innsats for å berge bygda si.
Ei stund var det fare for at dei verneverdige trehusa på Lærdalsøyri skulle brenne ned. Etter mange timar kamp mot flammane klarte dei å verne dei fleste av dei unike trehusa.
40 bygningar vart øydelagde, mellom anna 17 bustadhus, og ei rekkje familiar står no utan heim. Over 60 menneske vart huslause, og i kveldens dokumentar får vi møte ein av dei som må starte livet heilt på nytt.
DU KAN SJÅ TV-DOKUMENTAREN PÅ NRK1 TORSDAG KLOKKA 20.15.