Gardbrukaren i Gaular hadde nær avskrive kalven som stakk av i sommar. Då dei andre kalvane vart henta inn frå beite i haust, var det ingen som trudde at rømlingen skulle dukke opp att. Men kalven har tydelegvis greidd seg godt på eiga hand:
- No står han trygt i fjøsen, og er i overraskande god form. Han er ikkje medteken på noko vis, seier Lundekvam.
Men kalven oppsøkte slett ikkje fjøset av eigen frie vilje, slik ein kanskje skulle tru når det har kome godt med snø og det er kaldt og hustrig. Han var faktisk svært så motvillig.
Motvillig
Det var torsdag kveld Lundekvam fekk telefon om at nokon hadde sett kalven. Dei leitte fredag, men fann han ikkje. Laurdag fekk bonden hjelp av fleire naboar, og dei fekk til slutt omringa kalven på ein veg.
- Eg hadde ein bil som låg framfor meg med to av naboane i, og eg kom etter med traktor. Så stogga vi då kalven kom gåande midt i vegen. Vi vart einige om at bilen skulle køyre fordi og stille seg på tvers i vegen. Det gjorde han, og eg fulgde etter med traktor og sette traktoren på tvers. Så sperra vi kviga inne slik at ho kom korkje oppover eller nedover, fortel mjølkebonden.
Stakk av att
Men kviga var slett ikkje samd i at ho var innesperra, og la av garde rett opp i den bratte skråninga. Dei måtte sette etter og fekk etter kvart snudd kalven nedatt.
- Eg sigla på rompa ned att i vegen for å kome like raskt ned som kalven. Så jaga vi han opp i veggrøfta, og der tok naboen og slengde seg rundt halsen på han og kasta han ned i grøfta, og eg heiv meg på han i same slengen.
Ikkje slakting
Dei fleste bønder ville kanskje ha ekspedert ein slik kalv til slakteriet fortast råd, men Jarle Lundekvam er ikkje heilt sikker på det.
- Denne kalven har god avstamming. Mora til denne kalven har eg i fjøsen i dag, og det er ei veldig stabil god og frisk mjølkekyr som mjølkar mykje.