Hopp til innhold

Kallar inn til ekstraordinært ting

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) kallar representantane i fylkestinget inn til ekstra tingsete, etter krav frå oposisjonspolitikarane.

Nils R. Sandal

SAMLAR TINGET: Fylkesordførar Nils R. Sandal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bakgrunnen for det ekstraordinære fylkestinget er den nye nasjonale helse- og omsorgsplanen, ein plan legg føringar for sjukehusstrukturen og helsetilbodet i fylket.

Ville ikkje rekke fristen

Fylkestinget er ein av mange høyringsinstansar, men når fristen til å komme med uttale er sett til 18. januar, låg det an til at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ikkje ville få fremje noko meining om innhaldet i planen.

– Utvalsmøte ikkje godt nok

For å få til ein uttale, ville fylkesordføraren nøye seg med eit ekstraordinært fylkesutval 14. januar.

Dette er ikkje godt nok, meinte oposisjonen som med Frank Willy Djuvik (Frp) i spissen kravde at eit ekstraordinært fullsett fylkesting måtte få behandle planen.

Etter at 16 av medlemmene i fylkestinget stilte seg bak kravet, kjem saka no opp på eit eige møte 17. januar.