Hopp til innhold

Kaizers Orchestra til Veka 2012

Det svært populære rockebandet Kaizers Orchestra får æra av å opne Veka 2012. – Det blir bråkete og skikkeleg trøkk, lovar arrangørane.

Kaizers Orchestra

KJEM TIL SOGNDAL: Desse karane frå Rogaland får æra av å opne Veka 2012.

Foto: Kaizers Orchestra

Studentveka i Sogndal har lange tradisjonar, og tradisjon tru er det klart for mykje moro nokre dagar også neste vinter.

Det heile blir sparka i gang tysdag 14. februar, då med ein gjengangar på scena, nemleg Kaizers Orchestra.

– Dette blir berre heilt utruleg bra. Det er ikkje første gong dei er her, så vi veit kva kvalitet vi har i vente, seier presseansvarleg for Veka 2012, Torben Stedje.

Frå før er det klart at Maria Mena skal prøve å løfte stemninga i taket på Meieriet, og under artistsleppet fredag kveld letta arrangørane endå litt meir på sløret.

Blant artistane Veka 2012 kan freiste med er: Kvelertak, Veronica Maggio, Super Family, Vinni and The Vagabonds, popyndlingane Razika og Noreg sitt nye svar på Bob Dylan, Jonas Alaska..

– Eg synst vi har sikta litt breitt, men ikkje for breitt. Tidlegare har vi hatt nokre bommertar når det kjem til artistar, så vi har prøvd å snevre det litt inn, forklarar Stedje.

Veka i Sogndal er godt besøkt og i 2011 selde dei billettar for nesten ein million kroner. Og det er ikkje berre musikk det blir satsa på under studentarrangementet.

Skileik for både born og vaksne og revy er allereie på plakaten, og arrangørane håpar også å kunne tilby både fotballquiz, speed dating og sushikurs. Og det skal ikkje berre vere moro for studentane.

– Vi har lyst å inkludere heile Sogndal. Dette skal ikkje berre vere studentane si store kulturelle hending. Vi ønskjer å byggje bru mellom studentane og innbyggjarane, seier Stedje.