Hopp til innhold

Suksess for studentveka

- Rekordhøgt tal på besøkande og ei nærast knirkefri gjennomføring gjer Veka 08 til den beste nokosinne, seier PR-sjef Eivind Nordvik Hauge.

Kurt Nilsen på Meieriet i Sogndal

Kurt Nilsen hadde turneopninga si på Meieriet fredag kveld.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Artistar som Karin Park, Bjørn Berge, Postgirobygget, Surferosa og DDE har stått på scenen under studentveka.

Fredag kveld hadde Kurt Nilsen turneopninga si på utestaden Meieriet, med Eva Weel Skram frå Sogndal som oppvarmingsartist.

Kurt Nilsen på Meieriet i Sogndal
Foto: Eivind Nordvik Hauge

- Det var heilt fantastisk. Han laga liv frå første song, og det vart allsong. Det var ei flott oppleving. Og både Kurt og manager Jan Fredrik Karlsen var veldig nøgde etter opningskonserten.

Sju utselde konsertar

I kveld avsluttar Janove Ottesen & co i Kaizers Orchestra studentveka med oljefat og felgar. Laurdag ettermiddag var det att berre om lag 50 billettar igjen, og PR-sjefen trur at også denne konserten vert utseld.

- Før konserten i kveld har vi sju utselde konsertar, noko som sjølvsagt er veldig bra.

Billettar for ein million

Økonomisk går studentveka i null. Målet var 4500 betalande publikummarar, medan dei har seld 5100 billettar.

- Vi har seld billettar for ein million og har utgifter for det same beløpet. Vi har hatt forholdsvis låge billettprisar for at studentane skal ha råd til å gå på konsertane. Difor har vi vore avhengige av å ha mange utselde konsertar. I snitt har det vore 335 betalande på dei 15 arrangementa med billettsal.

Totalt har dei hatt 6500-7000 besøkande på arrangementa sidan studentveka starta 13. februar.

- Vi hadde sett oss eit mål på om lag 5000, inkludert gratistilstelningane, så dette er veldig bra.

Ikkje berre studentar

For eit av måla for eldsjelene bak Veka 08 er at den ikkje berre skal vere for studentane.

- Vi har ønskja å få både folk frå Sogndal og resten av fylket til å komme på konsertane, og det har vi klart. Det ser vi på nettsalet av billettar. Og tilbakemeldingane frå publikum har vore svært gode.

Klar for studiene igjen

Veka 08 er basert på 100 prosent dugnad. 130 funksjonærar har vore med, og mange har jobba med planlegginga sidan august.

- Funksjonærane har gjort en strålande jobb gjennom heile festivalen. Det har vore ei god gjennomføring og vi har ikkje hatt noko bråk.

Hauge seier at erfaringane frå studentveka er nyttige å ha med seg vidare.

- No skal vi kvile eit par dagar før vi tek til med studiene igjen. Begge delar kan trengast. Eit slikt arbeid går heilt ut over studia, ler han.