Hopp til innhold

Toppartistar til studenveke

Paperboys, Donkeyboy og Vassendegutane er berre nokre av banda du kan oppleve under Veka TjueTi i Sogndal.

 Donkeyboy under Topp 20 showet på Rådhusplassen i Oslo

Gruppa Donkeboy har stor suksess.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

For også neste år står ei rekkje norske toppartistar på scena under studentveka i februar.

Studentane ved høgskulen skal markere 30-årsjubileet for studentveka med meir enn 50 arrangement.

Satsar stort

Ida Johanne Ulvik

Vekasjef Ida Johanne Ulvik.

Foto: Pressefoto

Datarock, Superfamily, Karin Park, Kråkesølv og John Olav Nilsen & Gjengen er mellom andre namn som er klare. Av lokale band stiller Tyyl, The Generous Days og Kings of Lien.

- Vi har satsa stort i år, men vi er sikre på at vi kjem ned med begge beina solid planta på jorda etter ei studentveke som skal ta oss med på ein luftetur av dei heilt sjeldne, seier vekasjef Ida Johanne Ulvik i ei pressemelding.

Vil tilby noko for alle

Ho seier at målsetjinga for studentveka er å syne fram studenmiljøet på ein positiv måte.

- Samstundes ønsker vi å tilby heile Sogn og Fjordane eit arrangement det er verdt å køyre nokre mil for å få med seg, seier ho.

Eigen kunstnar

For første gong skal studentveka ha ein eigen VekaKunstnar. Den første som får denne æra er fotografen Arve Rune Ullebø frå Høyanger. Han har mello anna teke bileta i boka "Rein Luksus".