Justisministeren må svare om politireform

Justisministeren må svare om politianalysen i Stortinget. Det skjer fordi Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet vil ha eit klart svar på kvar saka står.

Liv Signe Navarsete

VIL HA SVAR: Liv Signe Navarsete i Senterpartiet ber justisministeren klargjere at Stortinget skal avgjere politistrukturen. Ho meiner politidirektoratet har gått vel langt i å førebu endringar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Ho meiner det er etterlate eit inntrykk av at politidirektoratet allereie har bestemt seg for å slå saman ei rekkje politidistrikt, utan at Stortinget har hatt saka på sitt bord.

– Eg oppfattar at Politidirektoratet har kome langt i sine førebuingar til å endre struktur. Eg tykkjer det som har kome fram desse dagane er sopass urovekkande at eg kjem til å stille eit skriftleg spørsmål til justisministeren, seier Navarsete.

Politianalysen legg opp til strukturendringar i politiet. Utvalet som la fram analysen anbefalte å gå frå dagens 27 til seks politidistrikt.

På eit beredskapskonferansen i Florø førre veke sa statssekretær Hans J. Røsjorde frå Framstegspartiet at det blir meir enn seks og mindre enn 27 politidistrikt i landet, og at ei sak vert lagt fram for Stortinget før jul.

– Viktig demokratisk prosess Stortinget skal ha

Sogn og Fjordane politidistrikt har gått for fylkesmodellen med 18 politidistrikt, som er ein av modellane politianalysen presenterte. Det ville gjere at Sogn og Fjordane kunne halde fram som eige distrikt.

På beredskapskonferansen i Florø signaliserte politiet i Sogn og Fjordane at dei har gjeve opp kampen om å få halde fram som eige politidistrikt.

Arne Johannessen

SKUFFA: Arne Johannessen

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Både fylkesmann Anne Karin Hamre, og tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund og komande lensmann i Sogndal, Arne Johannessen, har uttrykt undring og vonbrot over at det ser ut som Sogn og Fjordane-politiet har gjeve opp kampen, før saka er lagt fram for Stortinget.

Ronny Iden

RONNY IDEN: Politimeister i Sogn og Fjordane

Foto: Truls Kleiven

Politimeister Ronny Iden gjekk i etterkant av møtet ut og sa til NRK at dei framleis står på fylkesmodellen, men at møtet i Florø dreia seg om beredskap i framtida. Då er det mest sannsynleg at Sogn og Fjordane ikkje vert eit eige distrikt, sa Iden. Politidirektøren har sagt at politidirektoratet ønsker inntil 10 politidistrikt. Politidirektøren har støtte frå dei aller fleste politimeistrane i det han har føreslege, sa Iden til NRK.

Navarsete vil i brevet til justisministeren be han klargjere at det er Stortinget som skal gjere vedtaket.

– Politidirektoratet går kanskje vel langt i å førebu strukturendringar det enno ikkje er gjort vedtak om. Eg vil i alle fall sikra meg om at det ikkje skjer, for dette er ein viktig demokratisk prosess som Stortinget skal ha, seier Navarsete.

– Ikkje kast bort god beredskap

Navarsete legg ikkje skjul på at ho er mot sentralisering av politidistrikt.

– Dersom me ser på oppklaringsprosenten, eller kor lenge dei brukar på å behandle saker, er jo Sogn og Fjordane langt framfor Hordaland. Så eg kan ikkje skjøne kva me kan ha å tene på å gå saman med Hordaland, seier ho.

Stortingsrepresentanten og den tidlegare leiaren for Senterpartiet meiner det er bygd opp ein felles kultur på beredskap i Sogn og Fjordane, med politi, alarmsentral, helseføretak og fylkesmann som har fylket som sine grenser.

– Då kan dei snakke i lag, trene i lag og samhandle, slik at alle veit kva dei skal gjere den dagen krisa kjem. Då slepp ein å fundere på noko, alle tek ansvar, set krisestab, og går i gang. Det er gull, og det har vist seg å fungere i Sogn og Fjordane, meiner Navarsete.

– Det er på tide at me diskuterer alle fordelane me har med gjennomsiktige organisasjonar som greier å samhandle på tvers. Det gjer at me har ein god beredskap i fylket. Me kan ikkje kaste dette over bord, på grunn av ideologiske «fiksfakserier» frå Oslo, seier ho.