Hopp til innhold

Samla for å lære av dei store hendingane

I dag er nesten alt som kan krype og gå av beredskapskrefter samla på Hotell Alexandra.

Montasje brannar og helseberedskapskonferanse

SAMLA: 150 menneske var i dag samla i Loen for å lære frå dei store hendingane naudetatane har måtta handtere det siste året. I tillegg til Lærdal (t.v.) og Gudvangatunnelen (t.h.) er trippeldrapet i Årdal hovudtema på konferansen.

Foto: NRK

– Det er ikkje tilfeldig. Her har det vore store hendingar som gjer at det finst viktige erfaringar som vi vil læra av, seier Cecilie Daae.

Den årlege helseberedskapskonferansen til Helsedirektoratet vart i år lagt til Loen. Daae er assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet, som saman med fylkesmannen og Helse Førde arrangerer konferansen.

Saman med 150 menneske frå kommunar, fylke og helseinstitusjonar skal dei diskutere og sjå på ein del store ulukker i Sogn og Fjordane, for å læra og finne ut kva som kunne vore gjort annleis.

Og hendingane har stått i kø det siste året: Brannen i Gudvangatunnelen, trippeldrapet i Årdal, og storbrannen i Lærdal er hovudtema på konferansen.

Samhandling og samvirke

Temaet for konferansen er samhandling og samvirke på lokalt nivå under hendingar og kriser.

Daae trur den største utfordringa framover er at samfunnstryggleik og beredskap er i ferd med å verte eit mykje større og tydlegare område for alle.

Cecilie Daae

CECILIE DAAE: Assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Behovet for beredskap ser ut til å auke. Vi er tettare på verda og verda er tettare på oss. Vi kjem til å oppleve samfunnstryggleik og beredskapsproblematikk mykje hyppigare framover, trur Daae.

– Samhandling og samvirke er heilt sentralt i dette, både internt i helsetenesta men også tverrsektorielt. På denne konferansen håpar vi å lære, knytte gode kontaktar, og utvikle det gode samarbeidet. Både mellom oss i helsetenesta, men også innanfor andre sektorar som er her.

Men som nemnt var berre nesten alt som kan krype og gå av beredskapskrefter samla. Dette til trass for at samhandling på tvers er tema.

Politiet glimra med sitt fråvær

Fleire av fylkets fremste beredskapsaktørar var på talarstolen i dag, mellom andre Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde.

– Eg er glad for at me er her i Loen. Det er veldig mange lærdommar å trekkje frå dei store hendingane i fylket vårt det siste året, som folk i beredskaps-Noreg er interesserte i å lytte til, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Ho meiner den viktigaste lærdomen må vere samhandling. Mange evalueringar etter store hendingar gløymer dette perspektivet.

– Då er politiet opptekne av kva politiet gjorde, helse er opptekne av kva helse gjorde, og brann er opptekne av kva brann gjorde. Då glepper me ofte på å få fram det som svikta i samhandlinga. God samhandling er ein heilt grunnleggjande føresetnad for at krisehandteringa skal fungere.

Men berre ein representant frå politiet er til stades.

Anne Karin Hamre

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre under sitt innlegg på konferansen

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Me har ein deltakar frå politidirektoratet her, men det kunne godt vore fleire. Det er ganske tverrfagleg her; det er jo brei deltaking frå kommunar, fylkesmenn og ein del naudetatar.

– Mange eg har snakka med saknar Sogn og Fjordane-politiet her, som har vore sentrale i alle desse hendingane. Dei er ikkje her?

– Nei, og eg kan ikkje svare på vegner av dei. Opphavleg var dei skrivne inn i programmet, så eg veit rett og slett ikkje kva som er årsaka til forfallet deira, seier Hamre.

Imponert helsedirektør

– Eg er grenselaust imponert over innsatsen som er gjort innanfor alle sektorar.

Det seier assisterande helsedirektør Cecilie Daae. Ho er aller mest imponert over viljen til å dele og reflektere rundt det ein har gjort veldig godt, men også det som er forbetringspunkt.

– Kva er det som er forbetringspunkta?

– Eg trur at overskrifta må bli samvirke. Det er heilt openbart at ein fekk det veldig godt til i Lærdal, i nokre av dei andre hendingane har vi meir å jobbe med der, seier Daae.

– Kvifor det vart slik veit eg ikkje, legg ho til.