Hopp til innhold

Krevjande å vente på ei løysing

Skal Sogn og Fjordane politidistrikt slåast saman med Hordaland? Politiinspektør i Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge meiner at ventetid og uvisse er krevjande for politiet.

Stig Inge Hauge

VENTAR PÅ EI LØYSING: Politiinspektør i Sogn og Fjordane, Stig Inge Hauge, meiner det er krevjande å vente på ei løysing på framtidas organisering av politidistrikt.

Foto: Eirik Hildal

– Vi veit veldig lite, men det mest realistiske, og det vi kan sjå føre oss, er ei samanslåing med Hordaland, seier politiinspektør Stig Inge Hauge på beredskapskonferanse i Florø onsdag.

Der var også statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans Røsjorde, og oppdaterte politifolka i fylket om korleis arbeidet med omstruktureringa av politidistrikta går.

Det er eit arbeid som går på overtid, men statssekretæren sa i dag at svaret på korleis framtidas politidistrikt kjem til å sjå ut vil vere klart før jul.

Talet politidistrikt er foreslått redusert frå 27 til 6, men det er førebels ingenting som er sikkert.

Politiinspektøren meiner det er fleire løysingar som er aktuelle for politiet si organisering i fylket, sjølv om han uttrykker at det mest realistiske er ei samanslåing med politidistriktet i Hordaland.

Hans J. Røsjorde

KLART TIL JUL: Statssekretær i justis- og beredskapsdepartementet, Hans Røsjorde, besøkte Florø i dag. Regjeringa skal ha den nye modellen for politidistrikta klar før jul, fortalde han.

Foto: Eirik Hildal

– Det er jo laga ulike modellar i politianalysen der for eksempel Sogn og Fjordane politidistrikt vert omtala som eit politiområde, som da vil bli leda av ein visepolitimeister eller tilsvarande, seier Hauge, som er snar å leggje til:

– Det er framleis veldig uavklart korleis det heile vil bli i ein ny strukturendring i politiet, seier Hauge.

Eit mål at beredskapen skal bli betre

Det kan hende det er på tide å tenke nytt om korleis politidistrikta på Vestlandet skal sjå ut. Politiinspektør Hauge ser at det er fleire positive sider ved å bli slått saman med politidistriktet i nabofylket Hordaland.

– Politiet vil bli styrka. Driftseining i det nye politidistriktet vil vere større, og ein har kompetanse og personell til stades som tek seg av vakt, beredskap og etterforsking, og skal ha ein betre kapasitet til alle type saker, utdjupar Hauge.

Kva vil det ha å seie for beredskapen ute i felten?

– Målet er at det skal bli ein betre beredskap, det er heilt på det reine, elles hadde ikkje dette vore noko vits å halde på med i det heile tatt.

Samanslåing eller ei, svaret må politidistriktet og Hauge framleis vente på:

No må vi realitetsorientere oss sånn som vi trur det blir og gjere det beste ut av det.

Krevjande å vente på svar

Tidlegare denne månaden gjekk tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, ut og kravde svar på korleis omstruktureringa av politidistrikta faktisk blir.

Til NRK sa han at den seine avgjerda gjer det vanskeleg å rekruttere nye krefter til politiet.

Det same stadfestar Stig Inge Hauge til NRK i dag. På spørsmål om kva for problem forseinkingane skapar for politidistrikta som går rundt i uvisse, svarar Hauge følgjande:

– Det skapar problem på enkelte avdelingar når det gjeld rekruttering av personell. Men så langt så er det «business as usual». Vi må berre stå på og jobbe som eit eiget politidistrikt fram til desse endringane kjem.

Korleis er det å gå og vente på ei avgjerd om korleis det vil sjå ut i framtida?

– Det er krevjande, sjølvsagt. Vi er spente på kva som skjer og vi er usikre på kva som skjer, og det er det vi må leve med til det kjem ei avgjer, svarar Hauge, før han legg til:

– No ser vi fram til at det skal skje før jul.