Hopp til innhold

Juniorlaget til Sogndal er klare for finale i Skandinavisk Meisterskap

– Å hamle opp med dei beste svenske og danske laga er ein stor prestasjon, seier Rune Bolseth i trenarteamet.

G19-laget til Sogndal

FINALEKLARE: Etter siger over Häcken i kveld, er juniorlaget til Sogndal klare for finale i Skandinavisk Meisterskap. Her er Akor Adams, Kristian Rutlin og Mathias Sundberg avbilda etter sigeren.Adams og Sundberg scora dei tre måla til Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

Sogningane slo det svenske laget Häcken 3–1 i Göteborg i kveld. Med det ventar finale i Skandinavisk Meisterskap, berre ei veke etter at Sogndal tok cupgull mot Rosenborg.

Men kampen begynte tøft, fortel Rune Bolseth, som er del av trenarteamet.

– Utgangspunktet for å nå finalen var at vi måtte vinne med to mål. Vi låg under 1–0 til pause, og gjorde ein dårleg omgang. Spelarane svarte bra på det i andre omgang, seier han.

– Etter at vi får 1–1 ganske tidleg i omgangen har vi eit bra trykk mot dei heile den andre omgangen.

Har løfta seg

Mathias Sundberg scora to av måla til Sogndal, cupfinalehelten Akor Adams scora eitt. Bolseth karakteriserer det som ein stor prestasjon at juniorlaget no er i den skandinaviske finalen.

– Vi møter dei beste svenske og danske laga. Å hamle opp med dei er ein stor prestasjon, seier Bolseth.

– Kva er det som gjer at dette laget hevdar seg så godt?

– Det er ein gjeng som har det veldig kjekt i lag. Samhaldet er heilt utruleg. Det er ein gjeng som har utvikla seg veldig gjennom spel i tredjedivisjon. Og med cupen som har lege som ein bonus har dei løfta seg heile vegen – alle saman, seier Bolseth.

– Det dei har levert i haust har vore imponerande.

Finale søndag

Søndag speler dei finalen mot det danske laget AGF frå Århus. No skal Sogndal-spelarane bruke helga på å finne forma.

– No handlar det om å bruke tida best mogleg mellom kampane, det handlar om mat, kvile og å lade batteria. Det tar på å spele så tette kampar, seier han.

– Kva ville det bety om de skulle vinne på søndag?

– Først og fremst er det ei veldig fjør i hatten til gutane – igjen, seier Bolseth.