Julia sterkast i Norden

Julia Jordanger frå Breimsbygda IL vart laurdag Nordisk meister i vektløfting for ungdom. Med 149 kg samanlagt vann ho med god margin under stemnet i Sverige. Glopparen skal i desember delta under ungdoms-EM i Israel. Nordisk-debutantane Kristen Røyseth og Henrik Reiakvam (begge 15) frå Tambarskjelvar IL i Naustdal tok høvers vis sølv og bronse i klarre 73 kg.

Julia Jordanger. Nordisk meister i vektløfting ungdom, kl. 59 kg.
Foto: Vektløftargruppa, Breimsbygda IL