Hopp til innhold

Jublar over strålande fiskestart - tok opp 110 laksar på første veka

Medan fiskarane mange stadar fortvilar over rekorddårleg laksefiske, kan fiskarane i indre Sogn juble. I Lærdalselvi har første veka vore god for fiskarane.

Laksefiske i Lærdalselva

SLEPPER UT ATT: Over 75 prosent av laksen som vert fiska i Lærdalselvi vert sleppt ut att.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi er veldig nøgde med laksefisket så langt. Første veka vart det registrert om lag 110 laks, seier leiar Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

I 2013 vart det for første gong på 17 år opna for laksefiske i Lærdalselvi. Lakseparasitten Gyrodactylus salaris infiserte elva i 1996, og sidan vart det kjempa ein lang kamp for å bli kvitt parasitten.

Tok 16 år å bli kvitt parasitt

Trass i sterke protestar, mellom anna frå Norges miljøvernforbund, vart fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med gifta rotenon i 1997.

Om lag 3000 sjøaurar og 200 laks strauk med etter giftkuren, men trass i ny kur seinare same år, vart ein ikkje kvitt parasitten.

I 2005 vart det starta eit forsøk på å utrydde parasitten med såkalla surt aluminium, i kombinasjon med rotenonutslepp. I 2012 starta nok eit forsøk, og totalt kom prislappen på utrydding av parasitten på 45 millionar kroner.

Sælthun er forsiktig med å samanlikne starten på årets fiske med tida då elva hadde sin gullalder.

– Reint historisk er det vanskeleg å hugse. Men det er bra, samanlikna med i fjor, slik som vi hugsar det. Vi må hugse at vi berre fiskar med fluge, og ikkje anna utstyr. Eg tykkjer det ser veldig, veldig bra ut, seier Sælthun.

Har godt innsig

Han understrekar at meir enn 75 prosent av fisken vert sett ut at i Lærdalselvi.

Men med ein slik start på laksefiske, skil Lærdalselvi seg ut, samanlikna med andre elvar i Norge.

I dei store elvane i Sør-Trøndelag har starten på årets laksesesong vore rekordsvak, og lokale foreiningar har hatt krisemøte for å diskutere om elvane bør stengjast for fiske.

– Etter dei rapportane vi har fått her, så kan eg ikkje sjå at det kjem til å bli eit aktuelt tema her hjå oss. Så langt har vi hatt eit godt innsig av laks, seier Sælthun.

Trur sesongen blir god

Han peikar på at fisket har vore jamt godt heile veka.

– Det vart sjølvsagt teke flest dei første dagane, men eg var seinast inne på loggen i dag tidleg, og også i dag er det teke fisk, seier Sælthun.

Han meiner elva for tida har ein fin storleik, og at alle tilhøve ligg godt til rette for eit godt fiske.

– Det er mange nøgde fiskarar i Lærdal, skal vi tru rapportane vi har fått, og det set vi jo pris på, seier Sælthun.