Hopp til innhold

Dette har han venta på i 17 år

Etter fleire år med sommarferiar i Lærdal som mangla noko essensielt, kunne endeleg den utflytte lærdølen Thomas Hjermann komme tilbake for å fiske i den friskmelde Lærdalselvi.

Endeleg opna laksefisket i Lærdalselvi.

ETTERLENGTA: Etter 17 år vart Lærdalselvi endeleg opna for laksefiske igjen. Den utflytte lærdølen Thomas Hjermann var ein av dei som var på plass langs elvebreidden ved midnatt.

Han var ein av fleire som var på plass ved midnatt for å endeleg kunne kaste laksefluga ut i elva igjen etter 17 år med venting. I 1996 vart lakseparasitten gyrodaktylus salaris oppdaga i den populære lakseelva og sidan då har elva vore stengt for fiske.

– Det var fantastisk å få begynne att, seier Thomas Hjermann då NRK var i kontakt med han klokka sju laurdag morgon.

Klokka 11 kunne han melde om at dei har sett fisk, men framleis har fiskegjengen ikkje fått napp.

– Har vore tungt

Saman med fleire andre fiskarar fiska han berre ein liten time etter midnatt, og etter ei lita kviletid var dei i full gang igjen i sekstida på morgonen. Hjermann bur til dagleg i Bærum, men har vore heime kvar sommar. Dei siste åra har han kjend på kroppen at det var noko som mangla.

– Det har vore forferdeleg å sjå elva liggje der som ein livlaus tarm gjennom dalen. Ingen folk langs elva med fiskesaker, ingen på Øyra med fiskesaker. Heile Lærdal har vore i dvale, og vi har berre venta på at det skal livne til. Det har vore tungt at ein så stor verdi og ein så hyggjeleg ting har vorte øydelagd av parasitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdalselvi

OPEN FOR FISKE: Lærdalselvi er endeleg open for fiske att etter å ha slite med lakseparasitt i 17 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Difor var det ekstra gledeleg for Hjermann og andre fiskeentusiastar å endeleg kunne fiske igjen.

– Vi har gira oss opp desse dagane fram mot fiskestart. Berre det å vere her og vite at det er lov å fiske og at elva er frisk, du blir så gira at det er vanskeleg å skildre, seier han.

Opplevinga viktigare enn fangst

For ein sportsfiskar er Lærdalselvi heilt unik, meiner Hjermann, og har nok med seg mange i det synspunktet.

– Det er ingen anna elv som er i nærleiken av denne når det gjeld sportsfiske. No er det avgrensa til flugefiske, for Lærdalselvi har fantastiske flugeholer som er veldig overkommelege å fiske i.

– Har de høge forventningar om fangst?

– Forventningane er berre å nyte det å fiske i elva, så får vi ta kvar oppleving med kontakt med fisk som eit pluss. Forventninga er der på kvart einaste kast, men det gjeld å ha tolmod og så får ein berre håpe.

Og kva som skjer om parasitten kjem tilbake, det orkar han knapt å tenke på.

– No er det lov å fiske her, og det er ikkje parasittar. Kjem den att så er det forferdeleg.