Hopp til innhold

Laksefisket nesten som i gamle dagar

Laksefisket i Lærdalselvi har vore over all forventing i år.

Fiske laks i Lærdalselva

NORMALÅR: Årets laksefiske i Lærdalelvi vert skildra som eit 'godt gamalt normalår'.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Med kring 900 landa laks, med ei snittvekt på rundt åtte kilo, er det ein godt nøgd Lasse Sælthun som fortel om årets laksefiske i Lærdalselvi.

Lasse Sælthun

NØGD: Leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg må vel seie at det har vore over all forventing. Det har vore bra med laks heile sesongen, seier leiaren i Lærdalselvi elveeigarlag.

– Eit normalår

Årets sesong er den første etter lakselusbehandlinga som starta i 2007. Det var difor knytt stor spenning då dei første laksefiskarane tok til på årets laksefiske i midten av juni.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Daglig leder Knut Lindstrøm ved erværdige Lindstrøm Hotel i Lærdal forteller om hvor viktig lakseelva var for Lærdal.

SJÅ TV-SAK: Så viktig var lakseelva for Lærdal.

Når laksefisket no er over, kan det sjå ut som om laksebestanden i Lærdalselvi er på god veg tilbake til normalen.

Jon Storsletten med årets første laks

ÅRETS FØRSTE: Jon Storsletten stod truleg for årets første fangst.

Foto: Jon Oppøyen

– No har vi «catch and release», og vi veit ikkje heilt kor mange laks som er landa fleire gonger. Men vi har fått skildra det som eit godt gamalt normalår, seier Sælthun.

På det jamne

Lenger ute i Sognefjorden, i Årøyelva i Sogndal, er det fiska nøyaktig like mange laks som i fjor. Også fisket i Flekkeelva og Nausta vert skildra som ein sesong på det jamne.

Ved Gloppen Hotel seier Preben Moen at det stemmer også bra med erfaringane i Gloppeelva.

Per-Arnfinn Brekke

GIGANT: Per-Arnfinn Brekke landa denne giganten i Stryn.

Foto: Knut Arild Løvdal Stauri

– Vi hadde mykje storlaks i starten, og fekk innsiget av smålaks og tert til rette tida. I august var det veldig bra med mykje liv i elva. Jamt over ligg sesongen på snittet, seier Moen.

Katastrofalt lite aure

I Eidselva er fangsten derimot halvert samanlikna med fjoråret. Også i Stryn har færre laks bite på kroken, fortel Dag Olav Skrivervik.

Laksefiske i Lærdalselvi

FANGST: Ein av laksane landa i Lærdalselvi.

Foto: Rolf Bjørum

– Det har ikkje vore særskilt å skryte av, men samstundes er det ikkje noko krise for laksen. Derimot har det vore veldig dårleg på aure. I enkelte elvar veit eg det er heilt katastrofe, med årsklassar som er heilt vekke, seier han.

Forsmak på dårlege år

Dårleg tilgang på mat i fjordane, låg vassføring tidleg i sesongen, seint innsig og lakselus er nokre av årsakene til den dårlege sesongen.

Skrivervik fryktar at årets sesong berre er ein forsmak på det som er i vente.

– Sesongen vi legg bak oss er kanskje ein forsmak på dei næraste åra og då må vi kanskje vere forsiktige med uttaket. Det kan godt hende vi har nokre dårlege år i vente, avsluttar han.