Jublar for trombolyse

Avgjerda om å innføre trombolyse i ambulansane til Helse Førde vekker jubel. Helse Førde skal frå i haust gi blodfortynnande medikament i ambulansane til folk med akutt hjarteinfarkt. Helse Førde er blant dei siste helseføretaka i landet som innfører dette, føretaket ligg på botnen i landet i kor raskt pasientane får opna tette årar. Marita Aarvik frå Stad har i ei årrekkje argumentert for trombolyse, men blitt avvist. – Det er som julafta og 17. mai på ein gong. Vi har jobba i ti år for å få det til Sogn og Fjordane, dette var på tide, seier Aarvik.

Marita Aarvik
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK