– Eit akutt hjarteinfarkt er ubeskriveleg vondt. Der og då hadde det eigentleg vore ei lette å berre få sleppe, seier Agnar Kupen.
Minna frå hjarteinfarktet for ti år tilbake er sterke for 60-åringen. Ventetida på hjelp var lang.
Det er store skilnadar mellom helseføretaka på kor raskt pasientar med akutt hjarteinfarkt får opna tette blodårer.
Medan berre 7 prosent av pasientane tilhøyrande Helse Førde får behandlinga innan anbefalt tid er landssnittet 40 prosent. I Oslo og Akershus får over 70 prosent optimal behandling, syner tal frå Norsk Hjarteinfarktregister.
I ambulansen fekk ikkje Kupen trombolyse, eit blodfortynnande medikament som løyser opp blodpropp i hjartet.
– Eg låg lenge i ambulansen, men dei hadde lite å hjelpe seg med, seier Kupen.
– For store skilnadar mellom sjukehusa
Professor og leiar for hjartemedisinsk avdeling ved Ullevål sykehus Sigrun Halvorsen, seier mange må vente altfor lang tid på hjelp.
Halvorsen har delteke i eit internasjonalt råd som har gitt nye retningsliner.
I ein fjerdedel av tilfella skuldast eit hjarteinfarkt ei heilt tilstoppa hjarteåre.
Det er i slike alvorlege tilfelle at utblokking skal skje på operasjonsbordet innan 120 minuttar, eller innan 10 minuttar med medikament, etter at diagnosen er stilt. Desse tidskrava vart skjerpa i fjor.
– Ved å opne blodåra så raskt som råd kan ein berge liv og redusere skadeverknadane, seier Halvorsen
Utblokking skjer berre ved dei store universitetssjukehusa, samt Arendal sykehus. Trombolyse kan derimot gjevast i ambulansen, ved lokalsjukehus eller på legevakt.
– Ser at pasientane kan få eit betre tilbod
Fagdirektør i Helse Førde Kristine Brix Longfellow vedgår at pasientane har venta for lenge:
– Det er utilfredsstillande at så få får behandling innan tidskravet. Sogn og Fjordane har lange reisevegar og dårleg ver. Vi har trudd at vi har fått pasientane til Haukeland i tide, men ting tek lenger tid enn vi trur, seier Longfellow.
For å klare krava skal Helse Førde i haust innføre trombolyse i ambulansane. Helseføretaket har til no berre hatt tilbodet ved sjukehusa, i luftambulanse og redningshelikopter. Ein har også kunne rykke ut frå sjukehusa med trombolyse.
– Vi har vore forsiktige til no men det har skjedd ei rivande utvikling, og kompetansen i ambulansane er betre, seier Longfellow.
Størst skilnad mellom by og land
Raskast hjelp får folk i storbyområda, det uroar Sigrun Halvorsen.
– I mange deler av landet tar det for lang tid å få behandling. Det er fleire andre område som også bør innføre trombolyse.
Agnar Kupen er nøgd med at hjelpa no kan kome nærmare.
– Det er på høg tid. Det har gått veldig lenge å få på plass, seier Kupen.