Hopp til innhold

Jubla for sølvmedalje, men...

BYRKJELO (NRK): Kristi Strømmen Kjerpeset var strålande nøgd med å ha teke NM-sølv på 100 meter hekk. Men ho har meir å gå på.

Kristi Strømmen Kjerpeset over siste hekk

FULL FRES: Kristi Strømmen Kjerpeset stormar over den siste hekken på veg til NM-sølv.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg gjekk for gullet, men eg er ikkje skuffa. Ho vann fortent, og eg hang ikkje med i starten, seier Kristi Strømmen Kjerpeset til NRK.no.

Ho gratulerte Ida Eikeng frå Urædd med gullet, som gjekk på 14.14.

Sjølv klokka ho inn til 14.23, om lag det ho har prestert på sitt aller beste tidlegare. Men: Då starten gjekk, hadde ho allereie mist nokre meter til dei andre – og difor er ho nøgd med å ha klart medalje.

– Eg presterer rett rundt pers. Det er ikkje verst på ein dag der eg gjer ein forferdeleg dårleg første 40 meter, seier ho.

Kjem aldri skikkeleg i form - er berre «ok»

Kristi Strømmen Kjerpeset hadde i vår si første hekke-trening, etter at ho då hadde gått med ein lårskade som sette ho ut av spel i halvanna år.

Sidan då har 1998-modellen mellom kvalifisert seg til U18-VM. Der var ho fattige sju hundredelar unna å komme seg til semifinalen.

– Er du no tilbake der du vil vere?

– Nei, ikkje heilt. Eg hadde ein kjempebra vinter, men så fekk eg nokre småskader som sette meg på sidelinja i fleire veker. Så eg har aldri komme meg meg skikkeleg i form, seier Kjerpeset.

– Eg kjenner meg berre «ok», og heller ikkje meir. Difor er eg veldig godt nøgd med resultatet i dag - ikkje minst med tanke på den dårlege starten.

Kristi Strømmen Kjerpeset

OPPOVER: Kristi Strømmen Kjerpeset meiner pila no peikar oppover for hennar del.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur pila berre kan peike éin veg - oppover

No reknar Florø-sprinteren med at ho kjem med til nordisk om nokre veker. Ho er dessutan gullfavoritt under UM.

– Eg er usikker på nivået i nordisk, men eg har nok ikkje medaljesjansar. Eg håpar at Norden er betre enn meg akkurat no, ler Kjerpeset.

Hekkeløparen har fleire år framfor seg på junior-nivå. Ho har planar om å komme endå sterkare tilbake.

– Eg er nøgd med at det går framover. No kan det berre gå éin veg - oppover, smiler Kjerpeset.