Hopp til innhold

Jotun sigra mot erkerival

(Jotun-Førde 19-16): Trass siger mot erkerivalen er ikkje Jotun-trenar Olafur Sveinsson heilt nøgd med kampen mot Førde.

Olafur Sveinsson

POENG, MEN: Jotun-trenar Olafur Sveinsson er likevel ikkje heilt nøgd med kampen mot Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi er gode nok på det handballtekniske, men vi må skjerpe oss mentalt, seier Sveinsson til NRK.no like etter kampslutt i Årdalshallen.

– Ikkje verst

Jotun har lenge kunne skilte med at dei har det beste handballaget for damer, men denne sesongen pustar Førde dei for alvor i nakken. Men då dei to laga møttest i Årdalshallen var det vertane som var best.

Allereie til pause leia Jotun, då med 10–6 over gjestane frå Førde. Etter pause henta Førde seg litt inn att, og kampen enda til slutt 19–16.

– 16 baklengsmål er ikkje verst mot eit topplaget som Førde. Vi er skjerpa og fokuserte, seier Sveinsson og vedgår at han likevel ikkje er heilt nøgd.

– Eg er ikkje heilt nøgd med korleis jentene spelte kampen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Indrebø

PÅ TOPP: Der ligg framleis laget til Øyvind Indrebø, nemleg Førde.

Foto: Siren B. Svorevik

– For mange tekniske feil

Førde-trenar Øyvind Indrebø har ei enkel forklaring på kvifor det vart vertane som stakk av med sigeren.

– Vi taper kampen først og fremst fordi vi speler vår svakaste kamp framover. Vi gjer for mange tekniske feil og set ikkje sjansane våre, seier Indrebø til NRK.no.

Førde ligg framleis før Jotun på tabellen. Med 11 kampar spelt har dei 17 poeng og toppar tabellen før Årstad som med 27–27 mot Åsane i dag har like mange poeng, men dårlegare målskilnad.

– Vi må halde fokus

Jotun har berre spelt ti kampar og ligg førebels på fjerdeplass på tabellen med 15 poeng. Dermed kan dei fort komme på nivå med Førde.

– Det var Jotun som måtte vinne i dag for å ikkje bli hekta av, så no er både Jotun og vi med heilt i toppen. Det blir jamt, konstaterer Førde-trenar Indrebø.

Trenar-kollegaen i Årdal er budd på mange tøffe oppgjer om poenga.

– Vi må berre halde fram med å jobbe slik vi har gjort framover. Det er mange kampar att, og vi må halde fokus, seier Sveinsson til NRK.no.