Hopp til innhold

Jotun må til Troms i kvaliken

Jotun fekk ikkje oppfylt ynskjet sitt om å få arrangere kvalifiseringsturneringa for 1. divisjonsspel i handball.

Olafur Sveinsson i timeout med Jotun

MÅ NORDOVER: Trenar Olafur Sveinsson og Jotun-spelarane skal til Troms på kvalifiseringsspel.

Foto: Siren B. Svortevik

I staden må Jotun saman med fire andre lag frå Sør-Norge ta turen nordover til Tromsdalshallen, der Bravo er arrangør av kvalifiseringa frå 12. til 14. april.

– Vi er vande med å reise

Sportsleg leiar Torstein Kvam i Jotun hadde håpa på at dei skulle få kvalifiseringspel i Årdalshallen, men han har forståing for at valet fall på Bravo.

– Nord-Norge har aldri hatt kvalifiseringsspel til 1. divisjon før, så når ikkje vi fekk kvalifiseringa er det mest rett at Bravo fekk den. Og eg ser det ikkje som noko problem for oss å reise til Troms.

– Vi køyrer til Gardermoen og tek fly til Tromsø, det er like greit som å reise til Trondheim, og vi her i Årdal er vande med å reise, så det skal gå greitt.

Laga som skal knive om opprykksplass i Tromsdalshallen er Rælingen, Gjerpen Stavanger eller Randesund, Jotun, Volda og Bravo. Desse seks laga skal delast inn i to puljer. Trekkinga av desse puljene skal handballforbundet gjere onsdag denne veka.

Torstein Kvam

HEILT GREITT: Sportsleg leiar Torstein Kvam forstår avgjerda.

Foto: Siren B. Svortevik

Spent på puljetrekkinga

Kvam meiner Jotun i utgangspunktet har like stor sjanse til å kvalifisere seg som dei fem andre laga.

– Men vi er litt spente på trekkinga av puljer, det blir tøffare å møte Gjerpen og Volda enn Bravo og Stavanger/Randesund.

Kvam og Jotun har bede om å få vere til stades når puljene blir trekte, difor skjer det onsdag og ikkje i dag. Jotun kan no mønstre eit bortimot skadefritt lag.

– Det er berre strekspelaren Stine Kauppi som er ute med brot i armen, målvakta vår som fekk brot i armen for eit par månader sidan er tilbake, så vi har tre målvakter.

– Inga krise

Men Kvam seier det ikkje er nokon katastrofe for Jotun om dei ikkje greier å kvalifisere seg.

– Vi tek sjølvsagt imot med opna armar dersom vi skulle rykke opp, det hadde vore stort det. Men det er slett ikkje noka krise om vi ikkje skulle greie det.