Hopp til innhold

Jotun fekk det lettare enn venta

Med 27–19 over tabelltoar Kjøkkelvik, ser det svært så bra ut for handballjentene til Jotun.

Marianne Stedje Øren
Foto: Siren B. Svortevik

Grøntrøyene frå Årdal reiste til Bergen med ei kjensle av ein tøff og vanskeleg kamp.

Etter 2x30 minuttar på parketten, gjekk dei åttande gong i år av bana med siger.

– Det gjekk eigentleg lettare enn vi hadde trudd. Dei låg på andreplass og har levert ein del gode kampar, men vi starta bra og var skjerpa, seier Marianne Stedje Øren.

Tok ut

Jotun auka med det avstanden til Kjøkkelvik til fire poeng. Årdølane står dermed med full pott så langt i 2. divisjon. Ved pause stod det 12–6 i favør av gjestene. Toppscorar vart Agnieszka Tyda med 12 mål.

Stedje Øren trur nøkkelen til dagens suksess var å ta ut Kjøkkelviks Ann-Kristin Grimstad og Catharina Olsen Vold. Spelarane har så langt i år 92 scoringar seg imellom. I dag fekk dei tre kvar.

– Vi var obs på dei, og har jobba med dette inn mot kampen. Lene (Kvam Høsøien, red. anm.) og Rebecca (Bruun Steinheim, red. anm.) fekk hovudansvaret for å passe dei og det løyste dei godt, seier ho.

Alle har scora

– Jentene leverte ein fenomenal første omgang, og slepp inn berre seks baklengsmål. No er det verkeleg moro, gliser sportsleg leiar Torstein Kvam og gler seg stort over at alle dei ti utespelarane i troppen no har notert seg for scoring. Siste jente på scoringsblokka vart Anna Lindborg då ho sette inn sitt aller første mål i 2. divisjon i dag.

– Det er det som er så moro. Vi har ein liten tropp, men 16-17-åringane imponerer verkeleg. Dei står fram og tek ansvar, seier han.

– Utover andre omgang leia vi med ti mål, og vi sette innpå dei som har sete mykje på benken. Likevel vinn vi med åtte mål, legg Kvam til.

Tek ikkje noko for gitt

Med full pott på åtte kampar, ser Jotun ut til å surfe gjennom årets 2. divisjon. Like etter kampslutt reiste Kvam og trenar Olafur Sveinsson for å sjå 1. divisjonskamp for kvinner.

– Betyr det at de allereie er byrja å planlegge spel i 1. divisjon neste år?

– Hehe ... Den tok du fort. Nei, det ser bra ut, men det er framleis mange kampar att av sesongen. Det luktar kvalitet av det spelarane leverer, men vi skal ikkje ta noko for gitt.

Tap for Førde

Heller ikkje Stedje Øren vil ta noko for gitt.

– Det ser fantastisk ut, men vi er ikkje der heilt endå. Vi tek ein kamp av gongen, seier ho.

For Førde sin del gjekk det ikkje like bra. Borte mot Stord vart det eittmålstap med 20–19. Ved pause stod det 13–11. Toppscorar vart Anette Melheim med seks straffescoringar.

– Det var eigentleg jamt frå start til mål, der laga bytte på å leie. Eg er godt nøgd med forsvarsspelet, som no byrjar å sitje. Men vi brenn for mange sjansar, seier trenar Øyvind Indrebø.

Tysdag tek han jentene med seg til gamleklubben Jotun og møte med serieleiaren.

– Då startar vi på 0–0 att og vi reiser innover i angrepsposisjon. Vi skal bite godt ifrå oss, seier Indrebø og ikkje har noko i mot å bli første laget som slår Jotun.