Hopp til innhold

Jølster skisenter gir opp det mykje omtala stolheisprosjektet

I 2006 kjøpte Jølster skisenter inn ein stolheis frå Kitzbühel. I dag, sju år seinare, ligg den framleis lagra på ei grusbane i Jølster, men no gir skisenteret opp planane.

Skitrekket til Jølster skisenter.

VENTA FÅFENGD PÅ STOLHEIS: Stolheisen kjem ikkje i Jølster, so no må dei besøkjande halda fram med dei eksisterande heisane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er Firda som skriv dette fredag.

Heisen har sidan 2008 vore lagra på grusbana i Bjørkelia og har kosta idrettslaget 3,8 millionar kroner. No er verdien sett til 0,- og dermed treng Jølster skisenter frisk kapital.

Heisen skulle i utgangspunktet stå klar i 2007. So var beskjeden 2010. No blir planane skrinlagde.

Avisa skriv at det er lagt opp til eit gigantisk spleiselag der minst 4,7 millionar kroner blir spytta inn slik at vidare drift kan sikrast.

Hovudkreditor Sparebanken Sogn og Fjordane er villig til å sanere eit lån på 2,7 millionar kroner, og vil også skru ned renta. Men banken krev at Jølster kommune går inn i selskapet med to millionar for å sikra betre eigenkapital.

Det er rådmann Børge Tvedt innstilt på å gjera, og grunngjev det med at ein konkurs vil vera ei dårleg løysing fordi det vil vera negativt for utviklinga av heile området på Vassenden, der skitrekket ligg.

Styreleiar i Jølster skisenter, Johan Gotteberg, seier til avisa at det ville kosta 25 millionar kroner å realisere planane om stolheisen, men at det vart for dyrt.