Hopp til innhold

Vil ha heli-skiing i Jølster

Jølster Skisenter vil flyge alpint- snøbrettkøyrarar til fjells med helikopter.

Helikopter
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

- Dette vil vere med og sette Jølster på kartet som ein skidestinasjon, seier leiar i Jølster Skisenter, Johan Gotteberg.

Han drøymer om å frakte alpinistar og snøbrettkøyrarar til snødekte fjelltoppar med Helikopter for at dei skal få køyre ned att. Fenomenet kallast heli-skiing, og er svært populært mellom anna i Alpane.

Omstridd

Heli-skiing er svært omstridt, og blir hindra mellom anna av lova om motorferdsel i utmark. Jølster blir ikkje dei første som søker i Sogn og Fjordane, men ingen har fått lov til å gjere dette kommersielt enno.

Men Gotteberg ynskjer å søke Fylkesmannen om landingsløyver.

- Dette vil bli unikt for Jølster. Det vil slå positivt ut. Ikkje berre for oss, men for heile skimiljøet i Sogn og Fjordane.

- Dårleg forslag

Ikkje uventa møter forslaget kraftig motbør frå Norges Naturvernforbund. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Torleif Jakobsen, meiner forslaget er beint fram dårleg.

- I eit miljøperspektiv er dette dårleg, seier han – og fryktar ein smitteeffekt.

- Først skal Jølster ha det, så kjem neste kommune og då har vi det gåande i heile Sogn og Fjordane. Vi veit jo det at helikopter flyg langs fjellsidene gir støyen adskillig meir gjenklang.

Prøver uansett

Men Jølster Skisenter varslar at søknad om landingsløyve vil bli sendt med det første.

- I Jølster og Sogn og Fjordane generelt er me godt vande med helikopter så eg ser ikkje dei store utfordringane på den sida. For min del hadde eg håpa at vi skulle få dette til denne sesongen eller neste, seier Gotteberg.