Hopp til innhold

Vil utsetje stolheisen - igjen

Heisen i Jølster Skisenter vart kjøpt inn i 2006. No kan den stå klar tidlegast til sesongen 2011-2012.

Skitrekket til Jølster skisenter.

VENTAR PÅ STOLHEIS: Mange er interesserte i når Jølster Skisenter kan ha den lenge varsla stolheisen på plass. Dei må smørje seg med tolmod.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Vi er inne i ein fase der vi hentar inn ekstern hjelp til å setje heisen inn i ein større samanheng med vintertusiasme og utvikling i Jølster. Dette prosjektet er venta ferdig i løpet av vinteren, og då har vi eit godt grunnlag for å gå vidare med prosjektering av stolheis og finansiering, seier dagleg leiar Stig Tveit i Jølster Skisenter.

Han vedgår at det betyr nok ei utsetjing av den etterlengta stolheisen i Bjørkelia på Vassenden. Stolheisen vart kjøpt inn frå Kitzbühl i 2006, og skulle ifølgje dei første planane stå klar til bruk i 2007.

Kan montere i 2011

Sidan den gongen har leiarane ved Jølster Skisenter også varsla at stolheisen skulle stå klar i 2010.

Men: Tre år etter innkjøpet ligg stolheisen framleis demontert ved skianlegget i Jølster. Og det er ingenting som tyder på at heisen kan stå ferdig til neste vintersesong.

- Sånn eg ser det no, er det vanskeleg å seie at heisen skal stå ferdig i 2010. Vi legg opp til at mykje skal gjerast på planlegging og prosjektering neste år, men monteringa ser eg for meg i 2011. Då skal vi vere oppe og gå til sesongen 2011-2012, seier Stig Tveit.

- Godt og lønsamt

Jølster skisenter i Bjørkelia

UNDER UTVIKLING: Skianlegget i Bjørkelia på Vassenden i Jølster er med i eit forprosjekt for reiseutvikling i kommunen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- For utolmodige folk er det lenge å vente frå 2006 til 2012...

- Det er kjempeflott at folk er utolmodige, og det er vi også. Men som sagt har vi møtt utfordringar med finansieringa, og må ta oss den naudsynte tida for at dette skal bli eit velfundert prosjekt, seier Tveit.

- Så det har ikkje vore bortkasta investeringar?

- Nei, absolutt ikkje. Den dagen vi startar opp stolheisen og det reiser smilande skigjestar opp lia her, vil vi sjå at prosjektet er godt og lønsamt, svarer den daglege leiaren.

Kosta 3,5 millionar

- Vi skulle gjerne ha tilbode stolheisen til brukarane våre for fleire år sidan. Men vi måtte som sagt ha alternative vegar for å nå fram til målet, forklarer Tveit.

Han avviser at heisen kan vere i fare for å bli utdatert teknologisk.

Stolheisen kosta i 2006 i underkant av to millionar kroner. Med utgifter til demontering og transport kom kostnadene opp i 3,5 millionar kroner.