Hopp til innhold

Johnsen tek over som SV-leiar

Vibeke Johnsen er vald som ny leiar av Sogn og Fjordane SV. Ho lovar å kjempe for både landbruk, miljø og lærarar.

Jakob Andre Sandal og Vibeke Johnsen

SKAL STYRE SKUTA: Vibeke Johnsen og Jakob Andre Sandal er på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane SV i dag valde til leiar og nestleiar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Saman med våre alliansepartnarar skal vi jobbe for eit godt landbruk, for ein deponifri Førdefjord og vi skal vise lærarane den tilliten dei fortener, seier Vibeke Johnsen til NRK.no like etter at valet på fylkesårsmøtet er gjennomført.

Johnsen var i fjor haust stortingskandidaten til Sogn og Fjordane SV, men partiet gjorde eit katastrofeval og det vart ingen plass på tinget.

Vil kjempe for lærarane

No er ho budd på å kjempe vidare for partiet, og ser fleire viktige saker føre seg.

Ei av dei er saka der KS har føreslått at lærarane skal jobbe 45 veker i staden for dagens 39, noko som vil føre til nedkorting av oppspart ferie og avspasering. Forslaget har ført til frykt for at kommunane kan kutte i skulebudsjetta og at lærarane skal få mindre tid til førebuing og etterarbeid.

Johnsen er klar på at slik kan ein ikkje ha det.

– Vi har ein resolusjon der vi er heilt klare på at lærarane skal vere på skulen når ungane er der, og vere tilgjengelege for å gjere ein god jobb for barna våre, seier SV-politikarane.

På fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane SV vart også forslaget om at kommunane skal få bestemme om fastlegane skal få reservere seg mot å vise til abort, eit debattert tema.

Avtroppande fylkesleiar Hege Lothe lova i går at SV vil ta kampen i kommunane, om det er dei som skal avgjere dette. SV ser aller helst at det er regjeringa som tek avgjerda i ei så viktig sak.

– Mykje engasjement

Under stortingsvalet i haust heldt det på å gå aldeles gale for SV, men dei krabba seg så vidt over sperregrensa og enda på 4,1 prosent oppslutnad. Med det har dei no sju representantar på Stortinget.

Johnsen trur ho kan vere med å få fleire til å sjå til SV.

– Er du den rette personen til å løfte SV i Sogn og Fjordane opp og fram?

– Eg opplever at det er mykje engasjement i SV. Vi gjorde eit dårleg val, men vi greidde kome oss over sperregrensa. Eg har no fått tillit frå Sogn og Fjordane SV, og lovar gjere ein innsats for miljø og rettferd, seier Johnsen.

Jakob Andre Sandal frå Jølster vart attvald som nestleiar i Sogn og Fjordane SV.