Hopp til innhold

Vibeke Johnsen skal svare for SV - sjå utspørjinga her

Førstekandidaten til SV i stortingsvalet er den andre som skal fronte valkampsakene til sitt parti i radioen, og her kan du fylgje utspørjinga direkte i nett-TV.

Utspørjing av stortingskandidat for Sosialistisk Venstreparti, Vibeke Johnsen.

DIREKTE: Partiutspørjing i Sogn og Fjordane. I dag skal Vibeke Johnsen (SV) i elden.

Førstemann ut i årets utspørjingar var Sveinung Rotevatn frå Venstre.

Sjå og les korleis han gjorde det: Venstre først ut i valutspørjingane: Rotevatn vil skrote heile pelsdyrnæringa

Erlend Blaalid Oldeide

STILLER SPØRSMÅLA: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Johan Moen / NRK

Når Vibeke Johnsen onsdag ettermiddag set seg i studio saman med utspørjar Erlend Blaalid Oldeide må ho mellom anna svare på alle miljønederlaga SV har opplevd i regjering, og kvifor dei er einaste partiet som ikkje vil ha ferjefri E39.

Partiet slit i motbakke og har hatt svært liten oppslutnad på meiningsmålingane i sommar.

Men du kan og få vere med og sette dagsorden. Har du spørsmål du meiner Oldeide bør stille til Vibeke Johnsen så kan du sende e-post til sf@nrk.no.

Du kan sjå sendinga på nett-TV ved å klikke på pila i biletet øvst på sida eller høyre den på NRK P1 .

LES OGSÅ: Slik blir valdekninga i NRK Sogn og Fjordane

Dette er Vibeke Johnsen

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle førstekandidatane, og han har laga dette samandraget:

Etter at Heidi Grande Røys har toppa SV-lista i fylket ved dei tre føregåande vala, og oppnådde å komme på tinget frå 2001 til 2005 og bli statsråd frå 2005 til 2009, satsar SV denne gongen på 47 år gamle Vibeke Johnsen, busett i Sogndal.

Fortid i RV

Johnsen er opphaveleg frå Trondheim, men kom hit til fylket tidleg på 90-talet. På den tida var ho ein periode politisk aktiv i RV og stod endåtil på stortingslista deira.

På denne tida hadde ho også engasjement og fleire verv i ulike internasjonale solidaritets-, bistands- og fredsorganisasjonar. Ho var valobservatør for FN under valet i Sør-Afrika i 1994.

Arbeider i NAV

Yrkesmessig har ho hatt ulike undervisningsjobbar både i grunnskulen og høgskulen før ho i 1996 vart tilsett i a-etat som seinare vart del av NAV. I NAV er Vibeke Johnsen i dag avdelingsdirektør ved kontaktsenteret i fylket.

Ho er oså engasjert i handball og har vore trenar for både jente-, gute- og damelag i Sogndal i mange år.

Den politiske karrieren i SV starta i 2009 då ho vart leiar for Sogndal SV, og ho vart vald inn i kommunestyret i 2011. I 2009 vart ho også nestleiar i kvinnepolitisk utval i partiet og vara til landsstyret. På fylkesårsmøtet i vår vart ho vald til nestleiar i Sogn og Fjordane SV.

Vibeke Johnsen

BADAR SEG GJENNOM FYLKET: Vibeke Johnsen har sett seg som mål å bade i alle kommunane i Sogn og Fjordane før valkampen er slutt.

Må svelgje mange kamelar

SV er mellom partia som på meiningsmålingane slit med oppslutninga. Frå toppresultatet i 2001 har partiet mista oppslutning, og tida i raud-grøn regjering har også gitt SV regjeringsslitasje.

Som eit lite parti blir det å svelgje mange kamelar, og det kan bli langt mellom sigrane, sjølv om dei på heimesida si har lenke til 120 område der dei meiner dei kan vise til resultat.

Men så var det dette å gjere folke flest merksame på kva dei har oppnådd. Sett frå Sogn og Fjordane fekk SV, som flaggar miljøsakene ekstra høgt, ei lita fjør i hatten hos mange miljøengasjerte då miljøvernminister Bård Vegar Solhjell bad om nok ei runde med utgreiing av sjødeponiet i Førdefjorden.

Men han hausta ikkje same entusiasmen då han gav dispensasjon frå landskapsvernet i naturreservatet i Bremanger for å bygge den store kraftlina gjennom fylket.

SV er eitt av fleire parti som på enkelte meiningsmålingar balanserer nær sperregrensa. Kjem dei over den, ligg Vibeke Johnsen sin stortingssjanse i kampen om det eine utjamningsmandatet frå fylket. Der har ho om lag same sjansen som mange andre.

Har du spørsmål du meiner Vibeke Johnsen må svare på kan du sende e-post til sf@nrk.no.