Hopp til innhold

Jeger felte jerv på usannsynleg vis

Jegeren bak fellinga er vant til revar i reveåte hans, men jerv er ikkje kvardagskost.

Jerv

SJELDAN: Det er svært vanskeleg å felle jerv på lisensjakt. Difor er rovvilkontakt Arne Øvreås glad for dei gongane dei lukkast. Arkivfoto.

Foto: BBC

Ei eldre jervetispe vart tysdag føremiddag felt i grenda Mørkrid rett ved Mørkridsdalen i Luster. Men «jakta» var langt frå planlagt.

– Han som skaut er ein ivrig jeger. Han har eit revåte liggjande rett ved huset sitt og skyt mange revar i løpet av vinteren. Då han oppdaga jerven fekk han tak i børsa si og skaut, fortel rovviltkontakt i Luster, Arne Øvreås.

Feller sjeldan på lisens

Jerv felt i Mørkrid i Luster

FELT: Denne jerven gjekk rett i eit åte som var lagt ut for rev.

Foto: Privat

Jerven hadde passert fleire hus før dette, og det er svært sjeldan at jervar kjem så tett på bustadområde.

– Han har hatt jerv der tidlegare, men det er første gong ein blir felt på denne måten. Det er litt spesielt at den kom så langt ned, seier Øvreås.

Sjølv om beitesesongen i fjor sommar var eineståande samanlikna med tidlegare somrar i høve til sauetap, er dei framleis ikkje trygge for jerv i området. Samstundes skjer det veldig sjeldan at jerv blir felt i lisensjakta her.

– Vi er veldige glade for at det no let seg gjere å felle ein på lisens. Det blir rekna som den ønskjelege jaktforma, men her er det veldig vanskeleg og difor blir vi veldig glade når vi lukkast, seier rovviltkontakten.

Vil helst unngå hiuttak

For om jervejakt i seg sjølv har fått kritikk, så har nokre metodar fått meir kritikk enn andre. Hiuttak, ein metode der jervekvalpane vert tekne ut av hiet, før dei har fått tenner, og drepne, har sett sinna i kok hos fleire.

Jerv felt i Mørkrid i Luster

ELDRE: Tennene syner at det er ei eldre jervetispe med lang erfaring. Tennene er ganske nedslitne.

Foto: Privat

– Med dagens metodar for lisensfelling så vil den ikkje vere nok, men vi er opptekne av at jervane som må takast ut bør takast ut før vi kjem til yngleperioden. Det er ingen som ønskjer å halde på med hiuttaka, seier Øvreås.

I Sogn og Fjordane har det ikkje vore hiuttak på tre-fire år.

– Ei av årsakene er at det har vore relativt stort uttak av enkeltindivid og då er det ikkje individ igjen som er i posisjon til å yngle, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Heller ikkje regjeringa ønskjer at ein skal halde på med hiuttak. Dette er ein av grunnane til at Miljødirektoratet har sett i gang eit prosjekt for å effektivisere lisensjakta. Her er beitelaga i Indre Sogn med. Dei som er med får litt større jaktfridom enn andre.

– At vi kan få lisensjakta til å fungere er vi veldig glade for, men lisenskvoten har mange dyr att og det er månader att av perioden, så vi håpar å lukkast med fleire, seier Øvreås.