Hopp til innhold

Brann jaktar framleis Karadas

Brann held fram jakta på Sogndal-spelaren Azar Karadas, og ønskjer å signere han for neste sesong i eliteserien.

Azar Karadas

TIL BRANN? Azar Karadas har vore ein av dei mest sentrale spelarane til Sogndal i år. No er Brann på jakt etter han - igjen.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Det er Bergens Tidende som hevdar dette i dag.Brann ønskte å signere med Karadas alt sist sommar, og interessa for eidaren skal ikkje ha kjølna.

Til BT seier Karadas at han no har mest fokus på å fullføre sesongen for Sogndal, der han er ei viktig brikke i kampen om ny kontrakt for Sogndal i eliteserien.

– Eg var i samtalar med Brann i sommar, og kva som skjer angåande neste år får vi ta når sesongen er over. Vi treng enda nokon poeng for å overleve i eliteserien, seier Karadas til avisa.

NRK og andre medier har tidlegare omtalt at Brann har jakta på Azar Karadas over lengre tid. I august sa sportsleg koordinator i Sogndal, Håvard Flo, følgjande til TV2.

– Kva vi stilte krav om, er uvesentleg. Ein spelar som Azar er viktig for oss, alt har sin pris. Vi ønskte å ha han med oss vidare.