NRK Meny
Normal

Jaktar framleis på det perfekte portrettet

Portrettfotograf Geir Birkeland frå Høyanger møtte nok ein gong Malala då ho gjesta ein internasjonal konferanse om utdanning i Oslo denne veka. Han tok rundt 1500 bilete, men ventar framleis på «ikonportrettet».

Gå til forsiden

Sjå bileta frå Malala sitt besøk i Oslo

Malala feirer 18-års dagen

Sjå bileta frå Malala sitt besøk i Oslo

14 bilder

    Medan andre har skuleferie, brukar Malala Yousafzai sin ferie til å kjempe vidare for barn sin rett til utdanning. Måndag og tysdag gjesta ho ein internasjonal konferanse om utdanning i Oslo, og der var også Geir Birkeland frå Høyanger, fotograf og Malala-fan. Han har allereie treft Malala fleire gonger.

    Malala og Geir Birkeland

    VENER: Geir Birkeland har møtt Malala fleire gonger, både i offentlege og private settingar.

    Foto: Aamir Javed Sheikh

    – Eg merkar at ho stadig vert meir kjend. No er ho på 17.-plass på lista over verdas mest innflytelsesrike personar. Det er stadig fleire som vil prate med ho. Alle vil ha ein bit av ho, seier Birkeland.

    Bursdagsfeiring

    I går fekk han litt betre anledning til å kome tettare på då han var ein del av eit eksklusivt selskap som feira Malala sin 18-års dag. Feringa fann stad på det som kan seiast å ha blitt Malala sin stamrestaurant i Oslo, den pakistanske restauranten Mehfel. Det var Aamir J. Sheikh frå 14. august-komiteen som inviterte, og det var ikkje første gong.

    Malala feira 18-års dagen i Oslo

    FEIRING: Malala vert 18 år 12. juli og feira dette på ein pakistansk restaurant i Oslo.

    Foto: Geir Birkelund

    – No har eg vore der tre gonger, saman med Malala og resten av følget hennar. I desember var det den pakistanske ambassaden som inviterte, i samband med Nobel-utdelinga, seier Birkeland.

    På restauranten var mellom anna presten Edeh Emmanuel Mathew Paul frå Nigeria til stades. Malala har den siste tida engasjert seg sterkt for jentene i Nigeria som er kidnappa av terrorgruppa Boko Haram.

    Utdanning for alle

    På konferansen fekk Birkeland også fotografere FN sin generalsekretær Ban Ki-Moon, statsminister Erna Solberg og kronprins Haakon. Finansiering for å sikre at alle barn får gå på skule stod sentralt, og Solberg lanserte i går ein FN-kommisjon som skal jobbe med dette.

    – Det er stas å delta på eit slikt arrangement og få møte slike spennande personar. I tillegg er eg jo sjølv oppteken av utdanning, og jobbar ved Høyanger vidaregåande skule.

    Han jaktar stadig på «det ikoniske portrettet».

    – Det må nok vere under mindre hektiske omstende. Det er mogleg eg må reise til Birmingham for å få teke det, seier Birkeland, som håpar og trur han vil møte den unge fredsprisvinnaren att.

    Møte i samband med utdanningskonferansen i Oslo
    Foto: Geir Birkeland
    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser