Hopp til innhold

Malala med bursdagsønske til Nigerias president

Den pakistanske aktivisten Malala oppmoda Nigerias president, Jonathan Goodluck, til å møte foreldra til skulejentene som er kidnappa av terrorgruppa Boko Haram, då dei møttest i Abuja.

NIGERIA-PAKISTAN-UNREST-KIDNAPPING-MALALA

Malala og Nigerias president Goodluck Jonathan møttest i helga i Abuja, Nigeria. Malala bad Jonathan om å besøke familiane til dei kidnappa jentene.

Foto: WOLE EMMANUEL / Afp

NIGERIA-PAKISTAN-UNREST-KIDNAPPING-MALALA

Malala, saman med nokre av jentene som har klart å rømme frå terroristgruppa Boko Haram.

Foto: ISAAC BABATUNDE / Afp

– Eg spurte presidenten om det er mogleg for han å møte foreldra til dei kidnappa jentene, og oppmuntre foreldra ved å seie at, ja, me skal få døtrene dykkar heim att, sa Malala etter at ho hadde møtt presidenten i Afrikas mest folkerike land, nigerianske Goodluck Jonathan.

Den internasjonale Malala-dagen vert markert i dag for å minne verda på at hundretusenar av jenter framleis ikkje får gå på skulen. Dagen er kalla opp etter tenåringsjenta Malala frå Pakistan, som vart forsøkt drepen av Taliban fordi ho blogga om jenters rett til utdanning.

Jonathan lova å få jentene fri

Malala fylte i helga 17 år, og ho var då på besøk i Nigeria, eit land der jenters rett til utdanning også er særs utsett.

Den islamistiske terrorgruppa Boko Haram har dei siste åra gjennomført mange åtak på sivilbefolkninga i Nord-Nigeria, og særskild mot skular. Namnet på gruppa, Boko Haram, tyder «vestleg utdanning er synd».

Den 14. april bortførte Boko Haram 276 jenter frå ein skule nord i landet. Nokre av dei har klart å kome seg unna, men minst 219 jenter er framleis sakna.

Etter møtet med Malala skal Jonathan ha lova at dei 219 jentene skal bli sette frie.

Men president Jonathan har måtte tole mykje kritikk for å ikkje klare å få jentene fri att, og det er heller ikkje kjent at han har vore i kontakt med jentene sine foreldre. Tidlegare i år avlyste han eit planlagd besøk til den råka landsbyen i siste sekund, utan å gi noko forklaring.

Boko Haram erter internettkampanje

Malala gjorde det klart at Nigeria må gjere alt som er mogleg for å få jentene fri.

– Mitt bursdagsønske i år er å sjå jentene kome heim att, sa Malala ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Malala har delteke i ein internasjonal kampanje der det vert stilt krav om at jentene må settast fri. Kampanjen som heiter #BringBackOurGirls, #FåJenteneVåreTilbake, har mellom anna blitt fronta av USAs presidentkone Michelle Obama. Leiaren av Boko Haram slenger no med leppa til kampanjen.

– De har gått rundt og sagt «Få jentene våre tilbake». Jonathan, Jonathan! Få hæren vår tilbake, roper Abubakar Shekau i ein video lagt ut på nettet, og viser dermed til Boko Haram sitt krav om at soldatar knytt til deira gruppe må bli slopne fri frå fengsel.

I same video viser Boko Haram sin leiar full støtte til den islamistiske gruppa Den Islamske Staten (IS) som har bygd seg kraftig opp i Irak den siste tida, og Boko Haram tek også på seg skulda for ei bombe som vart sprengt i Abuja 25. juni, der 22 menneske vart drepne.

SJÅ DELER AV VIDEOEN AV BOKO HARAM SIN LEIAR, ABUBAKAR SHEKAU:

Boko Haram med ny video der dei hersar med #BrinBackOurGirls-kampanjen

Boko Harams leiar Abubakar Shekau er i godt humør når han gir beskjed om at deira soldatar må sleppast fri før han slepp fri dei fanga jentene.

SISTE NYTT

Siste nytt