Hopp til innhold

Malala vart lova støtte frå regjeringa om ho vil tilbake att til Pakistan

OSLO (NRK): Malala og Pakistans statsminister Nawaz Sharif diskuterte både utdanning og Malalas retur til Pakistan då dei to hadde sitt første offisielle møte i formiddag.

Malala og Nawaz Sharif

Malala og statsminister Nawaz Sharif etter møtet var over.

Malala på Oslo Plaza etter møtet med Nawaz Sharif

Malala snakka i dag med statsminister om utdanning i Pakistan, men også eit mogleg besøk tilbake til Pakistan. Her er ho fotografert etter møtet med Nawaz Sharif.

Foto: Iram Ansari / NRK

– Eg er så glad for å møte deg. Det er ei stor moglegheit for oss til å sitte og snakke saman om utdanning. Eg set pris på alt du har gjort dei siste to åra for utdanningssaka. Eg håpar du vil gjere endå meir i framtida, sa Malala til Pakistans statsminister Nawaz Sharif, då dei helste på kvarandre i Oslo i føremiddag.

Møtet som fann stad på Oslo Plaza i formiddag var det første offisielle møtet mellom to av dei største namna i Pakistan.

– Du gjer ein god innsats, og har sagt mykje fornuftig, var Sharif sin respons til den unge fredsprisvinnaren.

Laster Twitter-innhold

Diskuterte mogleg heimreise

Etter møtet fortel Malala til NRK at dei to hadde snakka om utfordringane innan utdanningssektoren i Pakistan. I tillegg snakka dei om eit mogleg Malala-besøk i Pakistan.

– Han sa at landet mitt alltid er der for meg. Og eg sa at det er mitt ansvar som pakistanar å komme tilbake til Pakistan og hjelpe folk der, seier Malala.

Sharif skal ha lova Malala at regjeringa kom til å støtte ho om ho ville komme på besøk. Men først må det passe med skuleferien understrekar ho, og seier at ho skal snakke med rektoren sin om eit mogleg besøk til Pakistan.

Malala bur no i Birmingham i Storbritannia, etter at ho vart forsøkt drepen av Taliban på veg heim frå skulen i 2012.

Malala og Erna Solberg

Malala er som vanleg ei omsverma dame under sitt besøk i Oslo denne veka. Her i samtale med statsminister Erna Solberg.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Einige om å samarbeide

Dei to diskuterte også utdanning for pakistanske barn, og Malala understreka at det er viktig med meir innsats for å skape utvikling i Pakistan.

– Regjeringa har gjort ein god jobb, men innsatsen må gå raskare og meir pengar trengst i utdanningssektoren. Alle barn treng utdanning og god undervisning, seier Malala.

– Kva svarte Sharif?

– Han var veldig positiv og sa at han er klar for å jobbe med dette. Han sa også at Malala-fondet og eg personleg kan bidra i det arbeidet. Eg er glad for at me kan jobbe saman slik at pakistanske barn kan få kvalitetsutdanning og også jobbe mot barnearbeid og barneekteskap, seier Malala til NRK.

Kom ikkje til nobelseremonien

Denne veka har både Sharif og Malala vore på besøk i Oslo, der dei har delteke på ein global utdanningskonferanse som er arrangert av den norske regjeringa.

Nawaz Sharif og Erna Solberg

Nawaz Sharif, i midten, var denne veka ein av dei mest kjente gjestene til Erna Solberg og regjeringa som arrangerte stor global utdanningskonferanse i Oslo.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Dei to har ikkje møtt kvarandre offentleg før, men i 2013 skal dei ha helst på kvarandre under høgnivåveka ved FNs hovudkvarter i New York. Men for det meste er kommunikasjonen mellom dei to prega av stor avstand.

Førre gong Malala var i Oslo, då ho i desember tok imot fredsprisen, lét Sharif vere å komme, sjølv om han vart invitert. Den offisielle forklaringa var at Sharif hadde planlagd ei reise til Kina på det tidspunktet, og at han difor ikkje kunne vere i Oslo.

Også Indias statsminister, Narendra Modi, var invitert til seremonien der også indiske Kailash Satyarthi fekk sin pris. Det har lenge vore særs spent stemning mellom dei to landa. Ingen av dei to statsleiarane kom til Oslo.

SISTE NYTT

Siste nytt